9. juli 2013

Ver merksam på rettane dine ved leige av hybel

I år, som tidlegare, er det vanskeleg for studentar å få tak i studenthybel. Enkelte utleigarar kan bli freista til å utnytte situasjonen, og det er difor viktig at du som student er merksam på rettane dine.

Ver merksam på rettane dine ved leige av hybel

Det viktigaste når ein skal leiga hybel er at ein sikrar seg ein skriftleg avtale som regulerer både leigetakar og utleigar sine rettar og plikter. Husleigelova vil alltid gjelda, men ein skikkeleg avtale er likevel nødvendig.

Viktig med ein balansert kontrakt

Pass på at også dine rettar som leigetakar er regulert i avtalen, og ikkje berre utleigar sine rettar. Sjå til at tidspunktet for overtaking er klart, at bustaden er rydda og vaska ved overtaking, at leigeprisen er avtalt og at det går klart fram kva denne inkluderer. Sjå også særleg på kva som gjeld for oppseiing – om avtalen er tidsbestemt eller ikkje. Dersom utleigar krev depositum så skal det opprettast ein eigen depositumskonto i leigetakar sitt namn. Du bør aldri betala depositum direkte til utleigar sin konto. Det er utleigar som pliktar å dekka eventuelle kostnadar ved oppretting av depositumskonto.

– Studentar er ofte unge menneske som manglar erfaring med bustadmarknaden. Ein må difor rekna med at desse i mindre grad enn andre evnar å sjå kritisk på vilkåra som vert presentert for dei, seier fagdirektør Jo Gjedrem.

Trygt å leige gjennom studentsamskipnadane

Forbrukarombodet gjennomgjekk i 2009 og 2010 kontraktane til alle studentsamskipnadane i Noreg. På bakgrunn av denne gjennomgangen utarbeidde ombodet ei standardkontrakt som alle samskipnadane vart oppmoda om å ta i bruk. Dei fleste har fylgt oppmodinga, og det skal jamt over vere trygt å nytte desse.