Ver forsiktig om du tek julehandelen på kreditt

15.12.2020 — Er handlelista til jul lang, men kontoen tom? Det er lett å ty til eit forbrukslån, men det blir fort dyrare enn forventa. Sjekk kor mykje det faktisk vil koste om du betalar resten av julehandelen på kreditt.
Bildet viser en mann som handler på nett.

FOTO: Rupixen/Unsplash

Hugs at det må betalast tilbake

Å kjøpe i dag og betale i januar kan vere freistande, særleg ved juletider når ein skal kjøpe gåver og fylle kjøleskapet. Før du vel å finne frem kredittkortet, bør du tenkje på korleis økonomien ser ut når fakturaen frå kredittkortselskapet kjem i januar.

– Det er viktig å hugse på at lånet skal betalast tilbake. Julegåvene blir fort mykje dyrare enn du såg for deg, dersom du ikkje kan betale ned lånet før det begynnar å koma til renter, seier Trond Rønningen, direktør i Forbrukartilsynet.

Julehandelen på kreditt? Her er våre råd:

  • Sjekk prisen. Effektiv rente og totalpris har med alle kostnader.
  • Sjekk gebyra. Dersom du tek ut kontantar eller overfører pengar frå kredittkort til brukskonto, vil det normalt koste meir enn ved varekjøp. Sjekk prislista for ditt kort.

Hugs at om du berre betalar  minstebeløpet, vil renta byrje å løpe på resten av gjelda.

05.05.2021

Forbrukertilsynet søker ny seksjonssjef

Vi søker en jurist til fast stilling som seksjonssjef for internasjonal forbrukerrett i tilsynsavdelingen.