Forbrukartilsynet får stadig klagar frå forbrukarar på telefonsal frå Telenor. Klagane skuldast fleire forhold, mellom anne systemfeil hos Telenor og at selskapet har vald å ringe reserverte forbrukarar som har breibandsavtale hos selskapet og tilby desse mobilabonnement.
– Telenor har vore aktive med telefonsal i mange år, og balansert på grensa av kva som er lovleg. No meiner vi dei har tråkka over denne grensa og da får det konsekvensar, seier direktør i Forbrukartilsynet, Elisabeth Lier Haugseth.
Eksisterande kundar
Telenor hevdar dei har lov til å ringe reserverte kundar som har breiband og tilby desse mobilabonnement fordi dette er «tilsvarande tenester». Forbrukartilsynet er ueinig, og krev at Telenor sluttar med denne praksisen.
– Telefonsal opplevast som svært påtrengande av mange. Når en kunde aktivt har reservert seg mot telefonsal, er det viktig at dei næringsdrivande respekterer dette og held seg innanfor dei grensene som ein har i marknadsføringslova, seier Haugseth.
Klagane på Telenor viser og at selskapet har for dårlige rutinar for å sjå til at forbrukarar som reserverar seg direkte hos selskapet blir sletta frå ringelistane.
Varslar 30.000 i tvangsmulkt per ulovlege oppringing
Forbrukartilsynet har varsla Telenor om forbodsvedtak med tvangsmulkt på 30.000 kroner for kvar ulovlege oppringing til forbrukarar som er reservert mot telefonsal frå det tidspunktet vedtaket blir fatta. Telenor har frist til 14. desember med å gje sine kommentarar til varselet.