Ulovleg kredittmarknadsføring i lokalaviser

30.10.2018 — Forbrukartilsynet ber selskapa Moneybanker og Nano Finans om å endre ulovleg innhaldsmarknadsføring dei har publisert i ei rekke lokalaviser i Nord-Noreg.

Kredittmarknadsføringa freistar med blant anna ferieturar og oppussing. FOTO: Skjermdump

Den aktuelle marknadsføringa manglar fleire prisopplysningar som selskapa er lovpålagt å gi etter finansavtalelova. Reklamane er utforma som journalistikk, og lokkar med oppussing og feriereiser med berre ei lenke vidare til selskapa – utan at det gis nokon prisopplysningar i det heile.

– Det er ei rekke prisopplysningar som all marknadsføring av kredittavtalar skal innehalde, seier direktør Elisabeth Lier Haugseth i Forbrukartilsynet.

– Det gjeld blant anna det samla kredittbeløpet, effektiv rente, og løpetida til avtalen. Her har Moneybanker og Nano Finans, samt deira samarbeidspartner iNord, ikkje vore ryddige nok.

Kostbare lån

– Det er viktig at forbrukslån marknadsføres med komplette prisopplysningar. Dette er dyre lån som man ikkje bør ta opp utan at ein har satt seg godt inn i kostnadane, seier Haugseth.

Marknadsføringa blei publisert i nettavisene til Altaposten, Framtid i Nord, Harstad Tidende og Vesterålen Online. Forbrukartilsynet har også sendt brev til selskapet iNord, som har formidla innhaldsmarknadsføringa, og informert dei om reglane for marknadsføring av forbrukslån og kreditt.

Forbrukartilsynet har bedt Moneybanker og Nano Finans om å få på plass dei nødvendige endringane seinast innan 9. november.

 

15.11.2018

Problematiske prisgarantier

KRONIKK: En selgers garanti om lavest pris kan være dårlig nytt for oss kunder, enten garantien er reell eller ikke, skriver Elisabeth Lier Haugseth, direktør i Forbrukertilsynet og Lars Sørgard, konkurransedirektør