Telenor fekk medhald i Marknadsrådet

11.06.2019 — Forbrukartilsynet meinte Telenor braut reglane om telefonsal når dei ringte reserverte breibandskundar med tilbod om mobilabonnement. Marknadsrådet er ikkje einig i dette, og har no oppheva tilsynets forbodsvedtak .
Bildet viser en dame som holder en telefon opp mot øret

Foto: Rawpixel/Unsplash

Forbrukartilsynet fatta i januar 2019 forbodsvedtak mot Telenor for det tilsynet meinte var brot på telefonsalsregelverket. Vedtaket baserte seg i hovudsak på klagar frå breibandskundar hos Telenor som reagerte på at selskapet ringte dei for å selje mobilabonnement, sjølv om kundane var reserverte mot telefonsal. Ein del av kundane opplyste òg at Telenor fortsetje å ringje sjølv om forbrukarane hadde gitt beskjed om at dei ikkje ville bli ringd opp fleire gongar.

Telenor klaga vedtaket inn til Marknadsrådet, og fekk medhald i klagen

I Marknadsrådet sitt vedtak vart det lagt særleg vekt på at breiband og mobiltelefoni oppfyller mange av dei same funksjonane, og at tilgang til internett er ein stadig viktigare funksjon ved eit mobilabonnement. Rådet meiner difor at mobilabonnement og breibandsabonnement er tilsvarande tenester som Telenor har lov å marknadsføre utan å respektere reservasjonar mot telefonsalg.

Forbrukartilsynet sitt vedtak forbaud òg Telenor å ringje forbrukarar som har reservert seg direkte hos selskapet. Marknadsrådet meinte dei 24 klagane Forbrukartilsynet hadde fått ikkje ga tilstrekkelig bevis for at Telenor hadde handla i strid med lova på dette punktet. Heile vedtaket til Forbrukartilsynet vart dermed oppheva.

Les Marknadsrådet sitt vedtak her.

Kundar hos Telenor som ynskjer å reservere seg mot telefonsal, kan gjere dette ved å ta kontakt med Telenors kundesørvis: https://www.telenor.no/privat/kundeservice/kontakt/

17.10.2019

Juristar i faste stillingar – rådgjevar/seniorrådgjevar

Forbrukartilsynet søker inntil seks juristar i faste stillingar som rådgjevar eller seniorrådgjevar med snarleg start. Vi kan gi deg varierte og viktige arbeidsoppgåver i eit hyggeleg og inspirerande arbeidsmiljø.