Tannleger i utlandet villeier om prisar 

03.12.2019 — Tannlegebehandlingar i utlandet er populært, men fleire forbrukarar opplever at marknadsføringa kring tilboda er uoversiktlige og upresise. Forbrukartilsynet ber no bransjen ta grep.

FOTO: Unsplash/Michael Browning

Forbrukartilsynet registrerer blant anna at fleire av aktørane i bransjen opererer med ein prisliste der egne priser blir samanlikna mot kva tilsvarande behandlingar vil koste i Noreg. I tillegg blir risikoen ved tannlegebehandlingar i utlandet underkommunisert.

– Å berre peike på norske prisar i denne samanhengen vil i utgangspunktet være et for uklart og upresist samanlikningsgrunnlag. Vi vil at aktørane skal være tydelegere på kva pris det samanliknas med seier avdelingsdirektør for helse Tonje Hovde Skjelbostad.

Vær klar over risikoen

Forbrukartilsynet ber også tannlegene – og dei som legger til rette til for tannlegereiser til utlandet – om å ikkje underkommunisere risikoen ved tannlegebehandling i utlandet.

– Risikoen for å bli smitta av MRSA er høgare ved tannlegebehandling i utlandet, og det er behandlingslandets regler om erstatning som gjelder – du må blant anna sjølv fremme krev om erstatning. Viss aktørane i bransjen berre viser frem prisforskjellane utan å faktisk kommunisere dei negative sidene ved å gjennomføre tannlegebehandling i utlandet, er det villeiande, seier Skjelbostad.

Store variasjonar

Skjelbostad meiner også at bransjen slurver når de ikkje viser til konkrete prisdøme for behandlingar i Noreg.

– Sidan marknaden for tannlegetenester i Noreg er stort og det vil vere mye variasjon i prisane, er det også slik at det vil vere utfordrande for klinikkar i utlandet å skulle dokumentere at behandlingane dei tilbyr til ein kvar tid ligger lågare i pris.

Nokon aktørar hevder også at ein kan spare pengar på tannbehandlingar i utlandet sjølv når fly og hotell reknast med.

– Det er store variasjonar både på prisane hos norske tannleger og på fly og hotellopphald. Det vil som regel ikkje være godt nok med slike generelle samanlikningar med eit prisnivå som kan variere mye, seier Skjelbostad.

Forbrukartilsynet ber i orienteringsbrevet også om at bransjen må sette seg inn i krava marknadsføringsloven stiller om garantiar, slik at det tydeleg kjem fram kva som er garantiens innhald.

Forbrukartilsynet har bedt om at aktørane gjennomfører nødvendige endringar innan 19. november.

03.12.2019

Tannleger i utlandet villeier om prisar 

Tannlegebehandlingar i utlandet er populært, men fleire forbrukarar opplever at marknadsføringa kring tilboda er uoversiktlige og upresise. Forbrukartilsynet ber no bransjen ta grep.