Årets møte blei halde i Sverige og tok for seg tema som bruk av kunstig intelligens for å styrke handhevinga på nett, kamp mot svindel retta mot forbrukarar, og særleg det strategiske samarbeidet om forbrukarpolitikk. Diskusjonane handla mellom anna om kva rolle forbrukarstyresmaktene kan spele i i utforminga av forbrukarpolitikken, og dessutan implementering og bruk av ny lovgiving. Eit eksempel på vellykka nordisk samarbeid på dette området er eit såkalla non-paper om framtidig forbrukarpolitikk som dei nordiske EU/EØS-medlemslanda, samt Island, publiserte tidlegare i år.
Dei nordiske styresmaktene vedtok å styrke det strategiske arbeidet ytterlegare gjennom å etablere ei nordisk arbeidsgruppe for politikk og strategi. Denne arbeidsgruppa skal supplere dei allereie eksisterande saksbehandlargruppene om digitale spørsmål, villeiande miljøpåstandar, prisinformasjon finansielle tenester og vern av barn.
Felles nordiske initiativ for å forbetre forbrukarpolitikk og strategiar kan ha ein positiv effekt på den nordiske marknaden, forhåpentlegvis også i heile Europa.
– Eit styrkt samarbeid på tvers av dei nordiske styresmaktene er viktig i møtet med ny og kompleks regulering. Dette gjer oss betre rusta til meir effektiv handheving og til å kunne gi endå betre innspel til forbrukarlovgivinga, seier Bente Øverli, direktør i Forbrukartilsynet.