Skal du bli student?

Som student er det viktig at du sett deg godt inn i kva rettar du har og kva kontraktvilkår som gjeld, særleg dersom du skal byrje på ein privatskule.

student i forelesning. foto

PÅ SKULEBENKEN: Forbrukartilsynet har samla nokre råd til deg som skal studere.

Overhald tidsfristane

  • Hugs å takke ja til den skuleplassen du vil ha før fristen går ut.
  • Betal eventuelle skulepengar og eksamensavgift i tide.
  • Undersøk om du mistar skuleplassen dersom du ikkje møter første skuledag.
  • Meld deg opp i kurs eller fag, og til eksamen.
  • Når må du eventuelt seie opp skuleplassen for ikkje å betale for neste semester eller neste skuleår? Hugs å seie opp innanfor fristen.

Sjekk kva du forpliktar deg til i skulekontrakten

  • Kor mykje kostar skuletilbodet, og kva inkluderer dette?
  • Betalte du eit gebyr då du takka ja til plassen? Undersøk om du får dette tilbake om du ombestemmer deg.
  • Kor mykje må du betale dersom du seier opp skuleplassen før skulestart? Og kor mykje må du betale dersom du seier opp etter skulestart?
  • Kva reglar gjeld dersom du blir sjuk?
  • Vi oppmodar deg til å seie opp avtalen skriftleg.
  • Hugs å ta vare på kontrakten og eventuelle kvitteringar når du betalar til skulen.

 Kva gjer du dersom du er misnøgd med skuletilbodet?

  • Ta opp saka så raskt som mogleg med skulen. Ver konkret – kva er du misnøgd med?
  • Før ein oversikt over det du er misnøgd med – til dømes mangel på undervisning, praksisplass eller rettleiing. Registrer også når og med kven du tok opp problemet.
  • Dersom du framleis er misnøgd etter å ha tatt opp saka med skulen, bør du klage skriftleg.
  • Sjekk om skulen tilbyr at saka kan handsamast hos ei klagenemnd, og ta i så tilfelle kontakt med denne
  • Blir du ikkje einig med skulen etter å ha klaga skriftleg, kan du kontakte nokon som kjenner til kva rettar du har. Høyr til dømes med:
  • Dersom klagen din gjeld villeiande marknadsføring eller urimelege kontraktsvilkår, kan du kontakte Forbrukartilsynet. Forbrukartilsynet kan ikkje hjelpe deg i di konkrete sak, men kan hindre at framtidige studentar blir utsett for liknande forhold.

Sjekk også vår Facebookside

07.12.2018

Forbrukartilsynet vil ha betre kredittvurderingar

Grundige kredittvurderingar er etter vårt syn eitt av dei viktigaste tiltaka for å førebyggje gjeldsproblem og den voksande andelen kredittkortgjeld i norske heim. Det er eitt av innspela Forbrukartilsynet har gitt i vårt høyringssvar til den nye forskrifta om forsvarleg utlånspraksis for forbrukslån.