Regjeringa stakar ut kursen i forbrukarpolitikken

07.06.2019 — Barne- og familiedepartementet la i dag fram den nye stortingsmeldinga om forbrukarpolitikk, som har fått tittelen «Framtidas forbrukar – grøn, smart og digital». Det er 20 år sia sist ei stortingsmelding om forbrukarpolitikk vart lagt fram. Forbrukarkvardagen er betydeleg endra siden den gong og stikkordet for mange av endringane er digitalisering.
Bildet viser et portrett av forbrukertilsyn Elisabeth Lier Haugseth. Bakgrunnen er uklar. Bildet lenker til et nedlastbart pressebilde av Elisabeth.

Direktør i Forbrukartilsynet, Elisabeth Lier Haugseth

Departementet løfter fram ulike deler ved forbrukarpolitikken som dei ynskjer å fokusere på, mellom anna arbeidet for å legge til rette for eit meir berekraftig forbruk, forbrukarutfordringer knytt til forbrukslån og veksten i forbruksgjeld, og forbrukarvern i møte med den digitale kvardagen.

– Dette er alle områder Forbrukartilsynet ser byr på utfordringar for forbrukarane og som vi har prioritert i vårt tilsynsarbeid.  Vi er nøgde med at stortingsmeldinga fokuserer på dei viktigaste utfordringane og at den inneheld tiltak for å styrke forbrukaranes stilling på disse feltane , seier direktør i Forbrukartilsynet Elisabeth Lier Haugseth.

Les meldinga her.

Forbrukarkvardag i endring

Forbrukartilsynets agenda for 2019 har tittelen «Den digitale forbrukarkvardagen». Digitale tenester og produktar spiller ein stadig større rolle i folks kvardag, og reiser store spørsmål knytt til mangelfull informasjon, urimelege vilkår, personvern og IKT-sikkerheit. Forbrukartilsynet har difor handsama ei rekkje sakar, publisert rettleiingar og samarbeid tett med Datatilsynet og andre europeiske tilsynsmyndigheiter for å trekkje opp kor grensene går.

Å verne barn og unge mot ulovleg marknadsføring og kommersielt press, har i lang tid vore høgt oppe på lista av prioriteringar hos tilsynet. Den digitale utviklinga har medført at dette arbeidet er viktigare enn nokon gong, og tilsynet har difor sett av store ressursar til å gjennomføre tilsynsaksjonar og ha dialog med involverte aktørar.

Berekraft- og etikkpåstandar i marknadsføring er eit anna område Forbrukartilsynet følger nøye med på. Det er bra at næringsdrivande ønsker å gi forbrukarane moglegheit til å gjøre berekraftige val – men villeiande påstandar om berekraft er sjølvsagt ulovleg og noko tilsynet vil slå ned på.

Marknadsføringa av forbrukslån er også eit område Forbrukartilsynet har prioritert høgt, og det er slått ned på fleire ulovlege marknadsføringskampanjar. Tilsynet har også foreslått fleire tiltak mot marknadsføringspresset og gjeldsveksten i befolkninga..

I bustadmarknaden har Forbrukartilsynet lagt ned eit omfattande arbeid for at det i marknadsføring av bustad og mekling skal gis viktig og riktig informasjon, og at bustadkontraktane som brukast er rimelege og balanserte.

– Det er gledelig at regjeringa ser viktigheta av ein god, tidsriktig forbrukarpolitikk og et sterkt forbrukarvern på desse områda, seier Haugseth.

24.06.2019

Varsler bransjen om prismarkedsføring på flyreiser

Flere tilbydere av flyreiser bryter med markedsføringsloven når de oppgir for lav totalpris på flyreiser på sine nettsider. Forbrukertilsynet har nå sendt ut brev til tre norske selskaper og ett svensk.