Ønskjer mindre kroppspress i sosiale media – lanserer rettleiing om marknadsføring

Forbrukartilsynet lanserer ei rettleiing om reglane for marknadsføring av skjønnheitsprodukt og- behandlingar i sosiale media for å gjere informasjonen meir tilgjengeleg.

Publisert:
Oppdatert:

 73 prosent av ungdommar mellom 15 og 18 år har fått reklame for slankeprodukt i sosiale media, og 48 prosent får reklame for plastisk kirurgi eller kosmetiske behandlingar. Forbrukartilsynet ønskjer å rettleie om regelverket for marknadsføring av skjønnheitsprodukt- og behandlingar i sosiale media for å redusere omfanget av reklamen og gjere det enklare for alle involverte å halde seg innafor regelverket.

Les også: Stort omfang av reklame for kosmetisk behandling

– Mange av klinikkane som nyttar påverkarar til å spre marknadsføring veit ikkje kva som skal til for å halde seg innafor lova. Å bidra til det er hovudformålet med den nye rettleiinga, seier Tonje Hovde Skjelbostad, avdelingsdirektør i Forbrukartilsynet.

Rettleiinga tar utgangspunkt i marknadsføringslova, med særlig fokus på vernet som barn og unge har mot marknadsføring som speler på sosial usikkerheit eller dårleg sjøltillitt. For marknadsføring som er retta mot, eller som kan sjåast eller høyrast av barn skal det mindre til før ein hamner på feil side av regelverket, samanlikna med marknadsføring som er retta mot vaksne.

Rettleinga finn du her: Forbrukertilsynets veiledning om markedsføring av skjønnhetsprodukter og behandlinger 

– Barn har ikkje den same kritiske sansen som vaksne har, og er lettare å påverke. Det er mellom anna ulovleg med direkte kjøpsoppmodingar til barn. Det vil også fort vere ulovleg å marknadsføre kosmetiske kirurgi som silikonimplantat, eller å marknadsføre denne typen tenester med konkurransar og venneverving. Påverkerane må tenkje nøye på kva dei legg ut i sine kanalar dersom dei har unge følgjarar, seier Skjelbostad.

I tillegg til marknadsføringslova viser rettleiinga også til andre særreglar ein må vite om. Det er mellom anna ein del avgrensingar knytt til marknadsføring av kometiske inngrep, legemiddel og medisinsk utstyr ein må kjenne til dersom ein marknadsfører slike produkt eller tenester.