Nordisk samarbeid

Nordisk samarbeid er ein viktig del av Forbrukarombodets arbeid.

Dei nordiske landa har alle organisert tilsynet med marknadsføring og standardkontraktar i forbrukarombodsmodellen. Det er tradisjonelt mykje lik lovgiving og lik forståing av kvar forbrukarvernnivået bør liggje.

I fleire bransjar er det ein felles nordisk marknad, og dermed blir samarbeidet mellom omboda særleg viktig. Omboda samarbeider derfor i konkrete saker og diskuterer felles problemstillingar. Dei nordiske forbrukaromboda møtest på toppleiarnivå to gonger i året og elles på saksbehandlarnivå ved behov.

For Forbrukarombodet i Noreg er det nordiske samarbeidet særleg viktig med tanke på at det er ei kontaktflate inn mot EU. Men også i det nasjonale påverknadsarbeidet er ein samordna nordisk tilsynssektor viktig.

07.12.2018

Forbrukartilsynet vil ha betre kredittvurderingar

Grundige kredittvurderingar er etter vårt syn eitt av dei viktigaste tiltaka for å førebyggje gjeldsproblem og den voksande andelen kredittkortgjeld i norske heim. Det er eitt av innspela Forbrukartilsynet har gitt i vårt høyringssvar til den nye forskrifta om forsvarleg utlånspraksis for forbrukslån.