Netflix-påske? Ver bevisst på hastigheit

31.03.2015 — Når mobilbransjen knivar om kundane, står lovnadar om høg hastigheit ofte i fokus. Men om både du og alle hyttenaboane skal strøyme påskekrimmen over mobilnettet samtidig, blir det fort propp i systemet. Forbrukarombodet har kravd betre info om reell hastigheit frå operatørane, og skal rett over påske sjekke at dei følgjer krava.

 

barn med nettbrett. foto

Du har sikkert sett påstandar om «lynrask 4G» og «superfart» i reklamane for mobilabonnement. Men er det realistisk at du får den hastigheita operatørane freistar med, når du nyttar mobilt breiband på påskefjellet?

I realiteten avheng den opplevde hastigheita av ei rekkje faktorar, mellom anna abonnementstype, dekning, talet på samtidige brukarar og kva utstyr du nyttar.

Forbrukarombodet har lenge vore i dialog med mobilbransjen om at forbrukarane må få betre informasjon om kva som kan påverke hastigheita ein faktisk får, og skjerpar tilsynet framover.

Forbrukar har krav på betre informasjon

Forbrukarombodet har tidlegare fått klager frå forbrukarar som føler seg lurt fordi operatørane bak marknadsføringa, ikkje har opplyst om at den «suverene 4G-hastigheita» kan verte betydeleg strupa.

Ombodet har difor stilt krav til alle mobiloperatørane om at all marknadsføring må innehalde opplysingar om kva nedlastingsfart forbrukarane kan forvente ved normal bruk, og kva faktorar som kan påverke hastigheita, slik at forbrukarane har betre høve til å orientere seg om og samanlikne pakkar frå ulike leverandørar.

– Forbrukarane har krav på å vite kva dei faktisk får når dei bestiller mobilabonnement med lovnadar om høg hastigheit. Ein reklame som berre lokkar med «superfart» utan å seie noko om kva fartsdemparar ein kjem til å støyte på, kan villeie forbrukaren, seier forbrukarombod Gry Nergård.

Følgjer opp med bransjetilsyn

Alle operatørane har no bekrefta at dei vil innrette seg etter krava til marknadsføringa. Forbrukarombodet kjem til å følgje opp med tilsyn med marknadsføringa i løpet av  kort tid.

– Mobiloperatørane er orienterte om at vi kjem til å følgje nøye med framover og kontrollere at dei faktisk rettar opp marknadsføringa si slik dei har lova. Vi forventar at forbrukarane skal få betre og riktigare informasjon i reklamar for mobilabonnement i tida som kjem, seier Nergård.

31.10.2019

Axo Finans vil rydde opp i spam-markedsføring

Axo Finans sier de vil gå gjennom sine lister med kontaktinformasjon til forbrukere, og sørge for at forbrukere som ikke har avgitt gyldig samtykke til å motta markedsføring på e-post og SMS fjernes fra listene.