Mange klagar på telefonsal frå forsikringsbransjen

11.03.2019 — Forbrukartilsynet har i lang tid motteke klagar frå forbrukarar på uønskt telefonsal frå forsikringsbransjen. Tilsynet ber difor om at selskapa sett seg betre inn i regelverket.
Bildet viser hendene til en mann som holder en grå iphone. Det er kun baksiden av mobiltelefonen som er synlig.

FOTO: pexels.com

Det er lovleg med telefonmarknadsføring såframt forbrukarar ikkje har reservert seg i Reservasjonsregisteret. Dette er det per i dag over 2,2 millionar som har gjort, men mange av desse blir likevel ringt opp.

– Forsikringsbransjen er ein av bransjane som ser ut til å ha størst problem med å følgje regla for telefonsal. Difor ser vi oss nøgd til å ta opp dette med selskapa, seier Frode Elton Haug, juridisk direktør i Forbrukartilsynet.

Unntak skapar problem

Dei fleste av klagene har samanheng med unntaksreglane i lova. Desse opnar for at forbrukarar som har reservert seg mot telefonsal, likevel kan bli ringt opp.

Klagene omhandlar mellom anna oppringingar på bakgrunn av at forbrukarar har medlemskap i organisasjonar som samarbeider med forsikringsselskap, og at tidlegare kundar vert ringt opp. Tilsynet forventar no at forsikringsbransjen tek tak i desse problema, og følgjer regelverket.

Forbrukartilsynets brev til forsikringsselskapa kan lesast her: Orienteringsbrev til forsikringsbransjen om telefonsalg.

Rettleiing om regelverket for telefonsal er publisert her.

20.09.2019

Avisene må endre avtalevilkår og markedsføring av digitale avisabonnementer

Forbrukertilsynet ber norske aviser og mediehus endre markedsføring og avtalevilkår for digitale avisabonnementer. Tilsynets undersøkelser viser at alle avisene har en praksis som ikke er i samsvar med markedsføringsloven og angrerettloven.