MR-2011-74: Herbal Vital AS – Forbrukerombudet

Saka gjeld klage på Forbrukarombodet sine vedtak av 30. september 2010 om betaling av tvangsmulkt etter marknadsføringslova (mfl.) § 42 for brot på vedtak av 18. juni 2010.

Vedtak av 18. mars 2011

Klagar nr. 1: Herbal Vital AS, Postboks 1230, 4844 ARENDAL
Klagar nr. 2:   N.N

Innklaga: Forbrukarombodet

Samansetninga i Marknadsrådet:
1. Professor Tore Lunde
2. Lagdommar Randi Grøndalen
3. Spesialrådgjevar Karl Johan Hallaråker
4. Dagleg leiar og generalsekretær Gunnar Buvik
5. Rektor Trond Blindheim
6. Advokat Signe Eriksen
7. Direktør Wenche Jacobsen
8. Advokat Thea Broch
9. Sorenskrivar Liv Synnøve Taraldsrud

1. Bakgrunnen for saka

Saka gjeld klage på Forbrukarombodet sine vedtak av 30. september 2010 om betaling av tvangsmulkt etter marknadsføringslova (mfl.) § 42 for brot på vedtak av 18. juni 2010. Sistnemnde vedtak handlar om marknadsføring i strid med mfl. § 6 første ledd jf. § 7 første ledd bokstav b). Vedtaket rettar seg mot både Herbal Vital AS og N.N, og hadde følgjande konklusjon:

”Forbrukerombudet forbyr Herbal Vital AS å markedsføre produktet Xyphedrine eller andre produkt med påstått slankende effekt gjennom bruk av formuleringer som:

– ”Ned 12 kilo på 8 uker!”
– ”Xyphedrine – det nye våpenet i kampen mot overvekt!”
– ”Xyphedrine er verdens første vitenskapelige slankepille som påvirker både
kroppsfettet direkte og stimulerer hjernen”.
– ”Xyphedrine er den kraftigste fettforbrenneren på markedet i dag”
– ”… dersom du leter etter en diettpille som kan hjelpe deg å miste vekt, er
Xyphedrine totalt overlegen hvilken som helst annen slankepille”.
– ”Xyphedrine består av en enkel, men kraftig formel. Den hjelper deg med å
kontrollere at inntaket av mat blir lavere enn det kroppen faktisk forbrenner.”

og liknende påstander om at produktet har vektreduserende eller slankende effekt, så lenge slik virkning ikke er dokumentert.”

Grunnlaget for forbodsvedtaket var at Herbal Vital AS i marknadsføringa av eit slankeprodukt nytta påstandar om slankande verknadar som ikkje kunne dokumenterast. Forbrukarombodet konkluderte med at marknadsføringa var villeiande og i strid med mfl. § 7 første ledd bokstav b) jf. mfl. § 3 andre ledd. Til forbodsvedtaket var det knytt ei tvangsmulkt på kr 400 000,- for selskapet og kr 150 000,- for dagleg leiar som ville verta utløyst ved brot på vedtaket. Vedtaket vart ikkje påklaga.

Herbal Vital AS og dagleg leiar N.N gjorde i brev av 2. juli 2010 greie for at selskapet ikkje kunne skaffa den dokumentasjonen som det var sett fram krav om. Selskapet stadfesta difor at dei ikkje ville nytta dei påstandane som det var lagt ned forbod mot. Marknadsføringa skulle gjennomgåast og endrast. Samstundes vart det teke til orde for eit møte mellom Herbal Vital AS og Forbrukarombodet med det føremål at selskapet kunne ”få informasjon om hva som vil kunne være innenfor lovverkets rammer i fremtidig markedsføring.”

Trass i stadfestinga om at Herbal Vital AS ikkje ville nytta påstandar i strid med forbodsvedtaket, observerte Forbrukarombodet at selskapet på nytt marknadsførte produktet Xyphedrine med påstandar om vektreduserande og slankande effekt. Slik marknadsføring vart gjort mellom anna på VG Nett den 19. august 2010 og på Herbal Vital AS sine eigne nettsider. Det vart i tillegg observert marknadsføring av produktet den 18. og 20. september 2010 på ulike nettsider. Marknadsføringa inneheldt til dels dei same formuleringane som det allereie var lagt ned forbod mot, samt andre formuleringar som var nye, men av liknande karakter. I den nye marknadsføringa vart produktet til dømes marknadsført som ”Årets slankeprodukt” og det gjekk fram at produktet var det einaste som hadde fått terningkast seks i ei undersøking som ikkje var namngitt.

Forbrukarombodet vurderte det slik at den nye marknadsføringa var eit brot på forbodsvedtaket av 18. juni 2010. I brev av 30. august 2010 til både Herbal Vital AS og N.N vart det difor varsla om at det ville bli fatta vedtak om betaling av tvangsmulkt for brot på forbodsvedtaket. Merknadsfristen vart sett til 7. september 2010.

Herbal Vital AS og N.N kom med felles tilbakemelding i brev av 6. september 2010. Dei viste då til at marknadsføringa etter forbodsvedtaket var utforma i god tru, og at dei oppfatta det som vanskeleg å utforma marknadsføring som var i samsvar med dei svært strenge krava til dokumentasjon. Selskapet og N.N var også usamde med Forbrukarombodet når det gjaldt omfanget av den varsla tvangsmulkta. Det vart gjort gjeldande at  tvangsmulkta ville vera uforholdsmessig tyngjande både for selskapet og dagleg leiar. I den samanheng vart det vist til at selskapet hadde sett fram eit ønskje om ytterlegare dialog med Forbrukarombodet om marknadsføringa.

Forbrukarombodet vurderte det slik at det ikkje var grunnlag for ein vidare dialog med Herbal Vital AS om marknadsføringa av produktet, sjå punkt 2.2.5 nedanfor.

Den 30. september 2010 fatta Forbrukarombodet vedtak om betaling av tvangsmulkt med heimel i mfl. § 42 tredje ledd. Vedtaka hadde fylgjande slutningar: ”For brudd på Forbrukerombudets vedtak av 18. juni 2010 plikter Herbal Vital AS å betale tvangsmulkt på kr. 400.000 – firehundretusen” og ”For brudd på Forbrukerombudets vedtak av 18. juni 2010 plikter N.N å betale tvangsmulkt på kr 150.000 – hundreogfemtitusen”.

I perioden mellom 30. september og 11. oktober 2010 mottok Forbrukarombodet to nye forbrukarklagar på marknadsføringa av Xyphedrine.

Den 11. oktober 2010 observerte Forbrukarombodet at Herbal Vital AS igjen marknadsførte produktet Fat Killer med påstandar som: “Ta Fat Killer før mat og spis akkurat hva du vil” og “Fat Killer forbrenner fett 24 timer i døgnet”.

Ved brev av 18. oktober 2010 klaga Herbal Vital AS og N.N på vedtaka om betaling av tvangsmulkt.

Saka vart oversendt til Marknadsrådet ved ekspedisjon av 13. januar 2011. Marknadsrådet handsama saka utan munnlege tingingar, jf. Forskrift om Forbrukarombodet og Marknadsrådets sakshandsaming § 11.

2. Merknader frå Forbrukarombodet

2.2.1 Bakgrunnen for ordninga med tvangsmulkt

Høvet til å påleggje tvangsmulkt for brot på vedtak vart innført i 1996 som eit ledd i å styrke sanksjonsapparatet for handheving av marknadsføringslova. I Ot. prp. nr. 34 (1994-95) s. 3 heiter det følgjande om ordninga: “Departementet foreslår at det i vedtak truffet av Markedsrådet eller Forbrukerombudet som hovedregel skal fastsettes et tvangsgebyr som skal betales dersom vedtaket overtres. Tvangsgebyrvedtaket vil derfor ikke rette seg mot den allerede foretatte handlingen, men mot en gjentakelse eller fortsettelse av denne. […] Vedtaket er ment å ha den virkning at det ulovlige forhold bringes til opphør og/eller ikke gjentas.” Vidare heiter det (s. 14) om bakgrunnen for at ein ved innføringa ynskte eit sanksjonssystem med høve for å påleggje gebyr ved brot på lova: “Det økonomiske tapet for den enkelte forbruker er i mange saker ikke så stort, men enkelte virksomheter har betydelige inntekter basert på lovstridig markedsføring. Det økonomiske aspektet er heller ikke i alle tilfeller det viktigste sett fra et forbrukersynspunkt. Useriøs markedsføring av produkter som f eks slankemidler og naturmidler kan også ha en rekke andre svært uheldige virkninger. Det er etter departementets syn et klart behov for at forbrukerinteressene blir ivaretatt på en effektiv måte. Med et gebyrsystem vil man kunne ilegge gebyrer som må settes så høyt at det ikke lønner seg å overtre vedtak.”

2.2.2 Innhaldet i mfl. § 42

Marknadsføringslova § 42 slår fast at det skal fastsetjast tvangsmulkt ”for å sikre at vedtak etter §§ 40 og 41 overholdes”, og som den som vedtaket rettar seg mot skal betala dersom vedkommande bryt vedtaket.

I mfl. § 42 andre ledd kjem det fram at det ved fastsetjing av tvangsmulkta skal leggjast vekt på at det ikkje skal lønna seg å bryta vedtaket. Det følgjer vidare av fjerde ledd i føresegna at mulkt som er kome til, i særlege tilfeller kan reduserast eller fråfallast. I Ot. prp. nr. 55 (2007-2008) s. 213 er det presisert at regelen er ein lempingsregel som er meint å vera ein sikringsventil for særskilte tilfeller. Same stad heiter det at føremålet med tvangsmulkta “er at den skal virke som et reelt oppfyllelsespress”. Det heiter vidare at “selv om den næringsdrivende på papiret ikke tjener penger kan det være grunnlag for å fastsette en relativt høy tvangsmulkt”.

2.2.3 Forbrukarombodet si rettslege vurdering av om forbodsvedtaket av 18. juni 2010 er brote – mfl. § 42

Som nemnt fatta Forbrukarombodet den 18. juni 2010 eit forbodsvedtak mot Herbal Vital AS si marknadsføring av produktet Xyphedrine. Seinast den 18. og 20. september 2010 vart Xyphedrine framleis marknadsført med påstandar om slankande effekt. I marknadsføringa var det sett fram påstandar om at produktet straks har slankande effekt fordi produktet inneheld verkestoff med dokumentert effekt. Dette gjekk blant anna fram av formuleringar som:

– ”Gikk ned 12 kilo på 8 uker”
– ”Xyphedrine inneholder 4 forskjellige fettbrennere (virkestoffer) med dokumenterte effekter.”
– ”Umiddelbart etter at jeg startet med slankemiddelet begynte vekten å gå ned.”
– ”Årets slankeprodukt! 25 slankeprodukter har i 3 måneder blitt testet av 250 personer som ønsket å gå ned i vekt. Xyphedrine fra Herbal Vital var det eneste som fikk terningkast 6.”
– ”Grunnen til at Xyphedrine er så effektiv er at den består av hele 4 forskjellige fettbrennere som angriper fettet fra alle kanter. Xyphedrine kan hindre at nytt fett fra mat blir tatt opp i kroppen og kan også sørge for at apetitten avtar og metthetsfølelsen overtar. Du føler det rett og slett som om du ikke har behov for mat.”
– ”Jeg kunne aldri drømt om at et slikt produkt virkelig eksisterte. Jeg gikk ned 3 kilo på de første 10 dagene!”

Forbrukarombodet vurderer det slik at påstandane på enkelte punkt er tilsvarande, og på andre punkt liknande, som dei påstandane som var sett fram i marknadsføringa som det vart fatta forbodsvedtak mot. Felles for påstandane er at dei gjev forbrukaren eit inntrykk av at produktet har slankande effekt utan at det er lagt fram dokumentasjon.

Når det gjeld synspunktet til Herbal Vital AS om at marknadsføringa etter deira skjønn er tilstrekkeleg endra, syner Forbrukarombodet til Ot. prp. nr. 34 (1994-95) s. 18, der det blir peika på tilhøvet mellom formulering av eit forbodsvedtak og endring av marknadsføring: “Forbrukerombudet og Markedsrådet har ikke alltid funnet det tilstrekkelig å utforme sine vedtak som forbud utelukkende mot den markedsføring som har funnet sted, men tilføyer også at tilsvarende uttrykk/fremstilling skal være forbudt. Dette innebærer for eksempel at dersom en produsent forbys å påstå at man blir slank av å spise et slankeprodukt, vil det også være forbud å skrive at man blir tynn av å spise produktet. Målet er å hindre omgåelser. Reklame kan varieres i det uendelige, og vedtakene ville ikke bli effektive dersom de ikke skulle omfatte gjentatt markedsføring der det bare var gjort uvesentlige endringer i forhold til den som var kjent lovstridig.”

Forbrukarombodet peikar på at Herbal Vital AS under heile saksgongen har hatt høve til å legge fram dokumentasjon på at produktet har vektreduserande eller slankande effekt. Selskapet har likevel ikkje lagt fram anna dokumentasjon enn informasjon frå produsenten Faun Pharma om innhaldet i produktet. Dette er ikkje tilfredstillande dokumentasjon, fordi det er eit krav om at påstandar “kan underbygges av uttalelser eller undersøkelser utført av nøytrale instanser med anerkjent faglig kompetanse” jf. Ot. prp. nr. 55 (2007-2008) s. 27. Forbrukarombodet meiner at selskapet, trass i at dokumentasjon ikkje kan leggjast fram, har valt å halde fram med tilsvarande og liknande påstandar som det allereie er fatta forbodsvedtak mot. Forbrukarombodet gjer gjeldande at Herbal Vital AS ved å halde fram denne marknadsføringa hausten 2010 marknadsførte produktet Xyphedrine i strid med vedtak av 18. juni 2010. Etter mfl. § 42 første ledd er dermed plikta til å betala tvangsmulkt utløyst.

2.2.4  Forbrukaromsyn – mfl. § 39 jf. § 34 andre ledd

Det er eit vilkår for å fatta vedtak at omsynet til forbrukarane tilseier inngrep. Det går fram av lovforarbeida til mfl. § 39 at dette vilkåret først og fremst er teke med for å avgrensa mot andre omsyn, til dømes omsynet til dei næringsdrivande. Vilkåret er ikkje i seg sjølv meint å stilla kvalifiserande krav til terskelen for inngrep. Det er difor ikkje grunnlag for eit generelt prinsipp om at det ikkje kan gripast inn før det ligg føre ei større mengd klager og meir systematiske lovbrot. I dette tilfelle tilseier forbrukaromsyn at ein vernar forbrukarane mot villeiande marknadsføring på internett for slankeprodukt som ikkje har dokumentert effekt

Produktet Xyphedrine har etter forbodsvedtaket vorte marknadsført godt synleg på to av dei største nettstadane i landet, VG Nett og MSN.no. Desse to nettstadane er i følge topplista til TNS Gallup for september 2010 to av dei tre største norske nettstadane med flest unike besøkande per dag. Marknadsføringa har difor vore lett tilgjengeleg for ei stor mengd med forbrukarar. Marknadsføringstiltaket har i tillegg hatt ei bestillingsløysing som på ein enkel måte kunne få forbrukarane til å ta økonomiske avgjerder som dei elles ikkje ville ha teke.

Forbrukarombodet legg også vekt på at Herbal Vital AS fleire gonger overfor Forbrukarombodet har gjort gjeldande at dei vil innrette sin praksis i tråd med standpunktet til Forbrukarombodet ved å fjerna dei villeiande påstandane frå all marknadsføring, utan at dette har vorte gjort. Dette gjeld både produktet Fat Killer i sak 09/2484 hjå Forbrukarombodet og produktet Xyphedrine.

Å gripa inn mot denne type marknadsføring og verna forbrukarane mot villeiande utsegner og feilaktige framstillingar ligg midt i kjernen av bruksområdet for marknadsføringslova. På denne bakgrunn finn Forbrukarombodet at omsynet til forbrukarane tilseier at vedtaka av 30. september 2010 må oppretthaldast.

2.2.5 Om forhandling og rettleiing – fvl. § 11 og mfl. §§ 35 og 36

Herbal Vital AS gjev i sitt brev av 18. oktober 2010 uttrykk for at dei kunne ha tilpassa marknadsføringa og unngått å bryta forbodsvedtaket dersom det hadde funne stad eit møte med Forbrukarombodet. Synspunktet kan forståast som at Herbal Vital AS meiner dei har fått mangelfull rettleiing av Forbrukarombodet om kvar grensene går for kva som må reknast som ulovleg marknadsføring. Sjølv om Herbal Vital AS ikkje har gjort gjeldande at slik eventuell mangelfull rettleiing bør føra til at vedtaka blir kjent ugyldige, jf. Forvaltningslova (fvl.) § 41, meiner Forbrukarombodet at det er føremålsteneleg å omtala spørsmålet.

Utgangspunktet for den ålmenne rettleiingsplikta til eit forvaltningsorgan er fvl. § 11. Føremålet med rettleiing skal vere å gje partar og andre interesserte høve til å ta vare på sitt tarv i bestemte saker og på best mogleg måte. Det er likevel presisert i første ledd at omfanget av rettleiinga må tilpassast situasjonen og kapasiteten til det einskilde forvaltningsorganet. Forvaltningslova § 11 må sjåast i samanheng med mfl. § 35 som stiller opp utgangspunktet for Forbrukarombodet si sakshandsaming. Forbrukarombodet skal i saker som hovudregel forhandla med den næringsdrivande for å koma til ei frivillig ordning. Ein del av føremålet med slik forhandling er at Forbrukarombodet skal oppfylla si generelle plikt til rettleiing etter fvl. § 11. I mfl. § 36 første og andre ledd blir det opna for unntak frå hovudregelen om forhandling.

Herbal Vital AS vart ved brev av 3. november 2009 for første gong gjort merksam på dokumentasjonskravet, den gongen om tilsvarande problemstillingar knytt til produktet Fat Killer. I løpet av vinteren og våren 2009/2010 vart selskapet kontakta fleire gonger om produktet Xyphedrine, og dei vart gjennom dette rettleia om reglane i marknadsføringslova og om kva endringar som var nødvendige for å bringa marknadsføringa i tråd med regelverket.

Før vedtaket av 18. juni 2010 etterspurte Forbrukarombodet dokumentasjon for påstandane Herbal Vital AS brukte i marknadsføringa. Slik dokumentasjon vart ikkje oversendt, og dermed fatta Forbrukarombodet forbodsvedtaket. I brev av 2. juli 2010 frå Herbal Vital AS til Forbrukarombodet vart det stadfesta at den lovstridige marknadsføringa ville bli stansa. Det vart samstundes ytra ønskje om eit møte med Forbrukarombodet. Trass i dette vart marknadsføringa ikkje stansa, men heldt fram på tilnærma same måte. Som ein konsekvens av at Herbal Vital AS ikkje innretta seg etter forbodsvedtaket, fann Forbrukarombodet at det ikkje var grunnlag for ytterlegare dialog. Forbrukarombodet meiner at Herbal Vital ved å halde fram med tilnærma identisk marknadsføring etter forbodsvedtaket, samt forhistoria til saka, tydeleg viste at Herbal Vital AS mangla vilje til å endra den aktuelle marknadsføringa.

For å sikre effektiviteten til sanksjonane i marknadsføringslova er det viktig at næringsdrivande ikkje enkelt skal kunna halde fram med klare brot på lova, under påskot av at dei ønskjer ytterlegare rettleiing frå Forbrukarombodet. Ombodet viser i den samanheng til MR-sak 09/741 (Medisinsk Forlag) der grensene for kor langt Forbrukarombodet skal strekkje seg for å oppnå ei frivillig ordning er omtala: “Hensynet til effektivitet i tilsynet med forbrukerlovgivningen tilsier at det må trekkes en grense for hvor langt plikten til å søke oppnådd frivillig ordning strekker seg, både når det gjelder hvor mange henvendelser som skal rettes til den næringsdrivende, og i hvor lang tid ombudet skal holde en dialog gående. I disse vurderingene vil det være relevant å legge vekt på både sakenes forhistorie og ikke minst den næringsdrivendes egen aktivitetsplikt i forhold til å iverksette nødvendige tiltak for å etterleve lovens krav“.

Herbal Vital AS sitt ønskje om eit møte for nærare drøfting av korleis dei skulle tilpassa marknadsføringa vart sett fram først etter at forbodsvedtaket var fatta. Forhandlingsmodellen i mfl. § 35 har ingen føresetnad om at Forbrukarombodet skal forsøka å oppnå ei frivillig ordning med næringsdrivande etter at det er fatta forbodsvedtak. På dette stadiet er det i tilfelle den generelle rettleiingsplikta etter forvaltningslova § 11 som er relevant.

Omfanget av rettleiingsplikta til eit forvaltningsorgan må, som tidlegare nemnt, ”tilpasses det enkelte forvaltningsorgans situasjon og kapasitet til å påta seg slik virksomhet”, jf. fvl. § 11 fyrste ledd siste setning. Kva som nærare ligg i denne plikta er omtalt i juridisk teori: ”Utgangspunktet må ellers være at organet foretar en avveining mellom sakens karakter, behovet for veiledning og den tid som står eller bør stå til rådighet.” jf. Geir Woxholt, Forvaltningsloven – Kommentarutgåve (2000) s. 175. Etter andre ledd skal forvaltningsorganet vurdera partane sin trong for rettleiing. Lovgjevaren har vidare delt rettleiingsplikta i kva ein skal gje rettleiing om og kva ein bør gje rettleiing om. I fvl. § 11 andre ledd bokstav a) går fram at eit forvaltningsorgan har plikt til å gje rettleiing om det materielle grunnlaget i saka, slik som gjeldande lover, forskrifter og vanleg praksis på det aktuelle saksområdet. Etter bokstav b) har ein i tillegg plikt til å gje rettleiing om det prosessuelle regelverket på området, slik som reglar om sakshandsaming, partsrettar og plikter.

Forbrukarombodet vurderer det slik at rettleiingsplikta i denne saka er oppfylt ved at ein fleire gonger har rettleia selskapet om kva krav marknadsføringslova stiller til bruk av påstandar om slankande effekt i marknadsføring. Saka gjeld brot på klare forbodsføresegner i marknadsføringslova som ikkje krev omfattande juridisk kunnskapar for å forstår rekkevidda av; påstandar om eigenskapar eller verknad som blir sett fram i marknadsføring skal kunna dokumenterast. Når ein vidare legg til grunn at næringsdrivande også sjølv har eit ansvar for å setja seg inn i regelverket for marknadsføring, meiner Forbrukarombodet det er klart at firmaet ikkje kan gjera gjeldande sakshandsamingsfeil i form av at rettleiingsplikta etter fvl. § 11 ikkje er oppfylt.

Forbrukarombodet konkluderer etter dette med at det ikkje er gjort nokon sakshandsamingsfeil som kan medføra at vedtaka blir kjent ugyldige etter fvl. § 41.

2.2.6 Om reduksjon av tvangsmulkt – mfl. § 42 fjerde ledd

Herbal Vital AS og dagleg leiar N.N har i sin subsidiære merknad i klagen av 18. oktober 2010 protestert mot omfanget av tvangsmulkta.

Vedtaket av 18. juni 2010 er som tidlegare nemnt endeleg. Innvendingar mot omfanget av tvangsmulkta burde vorte sett fram i rett tid innan klagefristen for vedtaket. Når det gjeld utmåling av tvangsmulkta blir det vist til forbodsvedtaket.

Marknadsføringslova § 42 fjerde ledd opnar for at mulkt som allereie har komme til kan reduserast eller fråfallast ”i særlige tilfeller”. Forbrukarombodet kan ikkje sjå at det i saka er komme fram opplysningar som tilseier at det føreligg særlege grunnar til at tvangsmulkta skal reduserast eller fråfallast. Det blir i den samanheng vist til at grunnen til at det er knytt tvangsmulkt til vedtak frå Marknadsrådet og Forbrukarombodet nettopp er fordi at det ikkje skal lønna seg å bryta vedtaka. Uansett vil det for Forbrukarombodet fyrst blir aktuelt å ta endeleg stilling til spørsmålet om reduksjon av tvangsmulkta dersom Marknadsrådet stadfestar vedtaket om betaling av tvangsmulkt. Først då vil mulkta vera ”påløpt” og gjenstand for ei eventuell vurdering av om den skal reduserast.

2.3 Konklusjon

Vilkåra for vedtak etter mfl. § 42 er oppfylt. Det er ikkje kome fram nye opplysningar i klagen som gjev grunn til å gjera ei anna vurdering.

Forbrukarombodet har lagt ned følgjande påstand:
”Klagen tas ikke til følge, og Forbrukerombudets vedtak av 30. september 2010, om betaling av tvangsmulkt, mot Herbal Vital og N.N opprettholdes.”

3. Klagarane sine merknader

Klagen er sett fram på vegne av både selskapet og dagleg leiar.

Når det gjeld sjølve forbodsvedtaket valde klagarane ikkje å klage på dette vedtaket, fordi dei har stor respekt for fagkompetansen til Forbrukarombodet, og at dei difor ikkje såg noko grunnlag for å reisa tvil om det vedtaket som var fatta. Dei meiner likevel at vedtaket er gjenstand for tolking, til liks med marknadsføringslova.

I klagen vert det vist til at selskapet meiner å ha gjort monalege omformuleringar i marknadsføringa slik at mfl. § 6 og § 7 ikkje kan nyttast fullt ut i dette tilfelle. Det blir vist til at formuleringa i marknadsføringa er endra til ”kan gå ned i vekt”, og at det i marknadsføringa har vorte vist til døme på personar som har gått ned i vekt. Det blir også gjort gjeldande at verkestoffa i produktet har ålmenn vitskapeleg dokumentasjon med godkjent fagleg kompetanse. Klagarane meiner dei hadde dekning for dei nye formuleringane i marknadsføringa.

Klagarane held fram at konkurransesituasjonen i kosthaldsbransjen er tilspissa, og at dei har registrert at konkurrentane nyttar påstandar som burde vore ulovlege. Det blir hevda at eit møte med Forbrukarombodet kunne ha ført til at marknadsføringa kunne vorte tilpassa ytterlegare, og at det er trong for klarare retningsliner for marknadsføring av slike produkt. På den måten ville praktiseringa bli lik for alle aktørane. Klagarane er overraska over at deira førespurnad om eit avklarande møte ikkje er kommentert eller akseptert i svaret frå Forbrukarombodet.

Selskapet har opplyst at dei har valt å trekkje både Xyphedrine og Fat Killer frå marknaden, og ber om at tvangsmulkta blir fråfalle.

Når det gjeld omfanget av tvangsmulkta, dersom denne likevel skulle bli ståande, meiner klagarane at den er for høg, både for selskapet og for dagleg leiar. I den samanheng blir det vist til at Xyphedrine berre er eitt av mange produkt som selskapet fører, og at det difor berre utgjer ein del av omsetnaden og resultatet til selskapet. Dagleg leiar hevdar å ha vore i god tru så lenge marknadsavdelinga gjorde dei tilpassingar som ein meinte var nødvendige.

Marknadsrådet går ut i frå at klagarane legg ned fylgjande påstand:
Vedtaket mot Herbal Vital AS og N.N av 30. september 2010 vert oppheva, subsidiært at tvangsmulkta vert redusert.

4. Marknadsrådet sine marknader

Marknadsrådet konstaterer at forbodsvedtaket av 18. juni 2010 ikkje er påklaga, og at dette vedtaket såleis er endeleg og rettsleg bindande for klagarane.

Marknadsrådet skal derfor berre ta stilling til klagen frå Herbal Vital AS og N.N mot Forbrukarombodet sine vedtak av 30. september 2010 om betaling av tvangsmulkta som vart fastsett i vedtaket av 18. juni 2010.

Saka reiser for det første spørsmål om plikta til å betale tvangsmulkt etter mfl. § 42 som fastsett i forbodsvedtaket av 18. juni 2010 er utløyst. Marknadsrådet finn at påstandane om slankande effekt som sitert i avsnitt 2.2.3 tvillaust inneber at både klagar nr 1 og 2 har handla i strid med forbodsvedtaket. Det er dels tale om tilsvarande påstandar som i forbodsvedtaket, og dels liknande påstandar, som også vert ramma av forbodsvedtaket. Etter Marknadsrådet si vurdering er det berre marginale skilnader mellom formuleringar som ”vil gå ned i vekt” og ”kan gå ned i vekt”, når desse vert vurdert i lys av den samla marknadsføringssituasjonen. Verken tilspissa konkurransesituasjon eller at det eventuelt burde ha vore slått ned på liknande formuleringar nytta av andre aktørar i bransjen, som halde fram av klagarane, fritek klagarane for å unngå bruk av villeiande påstandar i marknadsføringa. Marknadsrådet finn det derfor klart at plikta til å betale tvangsmulkt er utløyst gjennom desse marknadsføringshandlingane.

For det andre er det spørsmål om forbrukaromsyn tilseier at det må treffast vedtak om betaling av tvangsmulkt. Marknadsrådet viser her til at vilkåret ikkje i seg sjølv er meint å stille kvalifiserande krav til terskelen for inngrep. Etter Marknadsrådets vurdering tilseier behovet for vern av forbrukarane mot udokumenterte og villeiande påstandar i marknadsføring av slankemidlar at terskelen for inngrep av omsyn til forbrukarane er relativt lav. Det aktuelle produktet har blitt marknadsført på to av landets største nettstader, og har såleis hatt god eksponering mot eit stort tal forbrukarar. Marknadsrådet syner elles til at det fleire gonger er opplyst til Forbrukarombodet at praksisen ville bli innretta i samsvar med oppfatningane til Forbrukarombodet, utan at dette har blitt oppfylt. Marknadsrådet finn det på denne bakgrunn klart at forbrukaromsyn tilseier inngrep, i form av vedtak om betaling av tvangsmulkta.

For det tredje må det vurderast om det ligg føre sakshandsamingsfeil, i form av brot på rettleiingsplikta, som kan føre til at vedtaket er ugyldig. Marknadsrådet finn det klart at forhandlingsmodellen som er nedfelt i mfl. § 35 ikkje kviler på føresetnader om at Forbrukarombodet skal forsøke å oppnå frivillige ordning med den næringsdrivande etter at forbodsvedtak er fatta. Spørsmål om sakshandsamingsfeil i form av brot på rettleiingsplikta på dette stadium må i tilfelle vurderast med utgangspunkt i den generelle rettleiingsplikta etter fvl. § 11. Marknadsrådet kan ikkje sjå at det ligg føre konkrete forhold i saka som gir grunnlag for å hevde at den generelle rettleiingsplikta ikkje er oppfylt. Marknadsrådet viser her til Forbrukarombodets argumentasjon som referert i avsnitt 2.2.5, som rådet sluttar seg til. Marknadsrådet konkluderer derfor med at det ikkje ligg føre saksbehandlingsfeil.

Det ligg etter dette ikkje føre grunnlag for å oppheve vedtaka.

Klagarane har subsidiært reist motsegner mot utmålinga av tvangsmulkta, og det er gjort gjeldande at tvangsmulkta er uforholdsmessig høg for begge klagarane. Marknadsrådet tar utgangspunkt i at forbodsvedtaket av 18. juni 2010,  medrekna fastsetjing og utmåling av tvangsmulkt, er endeleg. Mfl. § 42 fjerde ledd opnar for at allereie utløyst tvangsmulkt ”i særlige tilfeller kan […] reduseres eller frafalles”. Føresegna er ein lempingsregel som er meint å vere ein tryggleiksventil i særlege tilfelle. Ordlyden tilsier at det er tale om ein snever unntaksregel. Marknadsrådet kan ikkje sjå at det har kome fram opplysningar som skulle tilseie bruk av unntaksregelen.

Klagen vert etter dette ikkje teken til følgje, og Forbrukarombodet sine vedtak av 30. september 2010 mot Herbal Vital AS og N.Nom betaling av tvangsmulkt vert å stadfeste.

Avgjerda er samrøystes.

Vedtak:
Klagen vert ikkje teken til følgje. Forbrukarombodet sine vedtak av 30. september 2010, om betaling av tvangsmulkt, mot Herbal Vital AS og N.N, vert oppretthaldne.

 

Tilbake til toppen