Juristar i faste stillingar – rådgjevar/seniorrådgjevar

17.10.2019 — Forbrukartilsynet søker inntil seks juristar i faste stillingar som rådgjevar eller seniorrådgjevar med snarleg start. Vi kan gi deg varierte og viktige arbeidsoppgåver i eit hyggeleg og inspirerande arbeidsmiljø.

Forbrukertilsynet på seminartur til London. FOTO: Forbrukertilsynet

Forbrukartilsynet er eit offentleg tilsyn med 35 tilsette som jobbar for enklare og tryggare marknader for forbrukarane. Forbrukartilsynet førebygger og stopper ulovleg marknadsføring, urimelege vilkår i kontraktar og andre former for ulovleg handelspraksis retta mot forbrukarar. Vi bidreg også til at forbrukaranes rettar blir ivaretatt og at forbrukarane kan ta informerte val. Den digitale utviklinga av forbrukarmarknadene reiser mange nye utfordringar, som tilsynet arbeider aktivt med å løyse. Les meir om oss på www.forbrukertilsynet.no og noko av det vi arbeidar med i 2019: https://www.forbrukertilsynet.no/om-forbrukertilsynet/agenda-2019.

Om stillingane

Forbrukartilsynet søker inntil seks juristar i faste stillingar som rådgjevar eller seniorrådgjevar med snarleg start. Vi kan gi deg varierte og viktige arbeidsoppgåver i eit hyggeleg og inspirerande arbeidsmiljø. Arbeidsoppgåvene vil mellom anna omfatte sakshandsaming, rettleiing av næringsdrivande og forbrukarar, og handheving av regelverket Forbrukartilsynet fører tilsyn med.

Regjeringa har avgjort at verksemda til Forbrukartilsynet, i samband med omorganisering av forbrukarapparatet, skal flyttast til grenlandsområdet. Så sant Stortinget vedtek de nødvendige lovendringane, er det venta at arbeidsstad for alle i verksemda vil vere i grenlandsområdet frå 01.01.2021. Vi ser difor spesielt etter kandidatar som kan tenkje seg å jobbe i Forbrukartilsynet også etter at flyttinga til Grenland er gjennomført. Forbrukartilsynet tek sikte på å etablere eit midlertidig kontor i Grenland i løpet av første halvår 2020.

Vi søker

Søkarar må ha juridisk embetseksamen eller master i rettsvitskap med gode resultat. Det er nødvendig med god norsk og engelsk skriftleg og munnleg framstillingsevne. Utanlandsk utdanning må vere godkjent av NOKUT.

Vi forventar at du har evne til å arbeide i team for å nå Forbrukartilsynets felles mål, samstundes som du også må kunne jobbe sjølvstendig, effektivt og med god fagleg kvalitet. Du bør ha interesse for forbrukarspørsmål, vere engasjert og du bør vere kreativ og løysingsorientert. For stilling som seniorrådgjevar stiller vi særlig krav til erfaring og kompetanse. Du bør også kunne representere Forbrukartilsynet overfor eksterne aktørar på ein trygg og truverdig måte. Vi vil vektleggje at du er personleg eigna til stillinga.

Vi kan tilby

Stillingane blir lønna som rådgjevar med kr. 460.000 – 510.000 pr år eller seniorrådgjevar med kr. 535.000 – 650.000. For særleg kvalifiserte søkarar kan høgare løn vurderast. Medlemskap i Statens pensjonskasse, med gode ordningar for pensjon, lån og forsikring følgjer stillinga. Til dette vert det trekt 2% av bruttolønn til lovfesta innskot. Vi har fleksibel arbeidstid og gode velferdsordningar. Dei nytilsette vil få eit eige opplæringsprogram, ein fadder som hjelper i det daglege arbeidet den første tida, og ein næraste leiar som har hovudansvar for di faglege og personlege utvikling.

Slik søker du

Send søknad med CV, vitnemål og attestar elektronisk på jobbnorge.no. Alle attestar og vitnemål skal skannast og leggjast ved elektronisk.

Forbrukartilsynet ønskjer å spegle heile samfunnet og ha bredde og mangfald i arbeidsmiljøet. Vi oppmodar derfor kvalifiserte kandidatar til å søke hos oss uavhengig av alder, kjønn, etnisitet og nedsett funksjonsevne, samt fravær frå arbeid, utdanning eller opplæring. Opplysningar om dette kan bli brukt til registreringsføremål.

Opplysningar om søkarane kan bli gjort offentlege. Sjå Offentleglova §25, andre ledd, når det gjeld moglegheit for å bli unntatt frå søkjarlista. Har du spørsmål om stillingane, kontakt juridisk direktør Frode Elton Haug på tlf. 98660566, e-post feh@forbrukertilsynet.no eller avdelingsdirektør Tonje Hovde Skjelbostad på tlf. 91618729, e-post ths@forbrukertilsynet.no

Søknadsfrist 11.11.2019.

Sjå annonsen og søk på stillingane på JobbNorge.

 

20.11.2019

Gjør det enklere for forbrukere å reservere seg mot telefonsalg

Hvert år opplever mange forbrukere å bli oppringt av telefonselgere, til tross for reservasjon mot denne typen oppringinger. Forbrukertilsynet har laget en oversikt over hvor forbrukere kan henvende seg for å reservere seg direkte hos mange næringsdrivende og frivillige organisasjoner.