Internettleverandørane må skjerpe rutinane ved dørsal

08.10.2019 — Forbrukartilsynet høyrer ofte frå forbrukarar som har hatt besøk av internettselgarar på døra, og som opplever at dei har fått feil eller mangelfull informasjon om tilbodet. Tilsynet sender difor no eit brev til internettleverandørane der vi ber dei gå gjennom rutinane sine for dørsal.
Bildet viser et datatastatur

Bildet er hentet fra pixabay.com

Forbrukarar fortel om feilaktig eller mangelfull informasjon knytt til blant anna totalprisen for produktet, bindingstid, og hastigheit.

– Det er viktig at forbrukarane får fullstendig informasjon om tilbodet slik at dei er i stand til å ta ein informert avgjerd, seier direktør Elisabeth Lier Haugseth i Forbrukartilsynet.

– Det er viktig å huske på at dette kan vere særleg utfordrande i ei dørsalsituasjon.

Ber om gjennomgang

Forbrukartilsynet har og fått opplysningar om at forbrukarar ikkje får nok informasjon om produktets samansetning, og om ein i røynda må grave deler av kabeltraseen sjølv.

Nokon forbrukarar har og meldt frå om at dørseljarar brukar påstandar i marknadsføringa om at konkurrentar skal leggje ned eller har dårlegare produktar, og at det derfor hastar å bytte leverandør.

– Det er uakseptabelt å bruke denne type påstandar i marknadsføringa – særleg når det viser seg at dei ikkje stemmer, seier Haugseth.

Forbrukartilsynet ber om at internettleverandørane tek ein gjennomgang av marknadsføringsrutinane sine – og særleg rutinane ved dørsal – slik at reglane i marknadsføringslova og angrerettslova blir følgd .

Dei har frist til 8. oktober med å gjennomføre endringane. Etter dette vil Forbrukartilsynet kunne ta opp enkeltsaker med tilbydarar som ikkje har innretta seg etter krava i marknadsføringslova. Du kan lese brevet her.

31.10.2019

Axo Finans vil rydde opp i spam-markedsføring

Axo Finans sier de vil gå gjennom sine lister med kontaktinformasjon til forbrukere, og sørge for at forbrukere som ikke har avgitt gyldig samtykke til å motta markedsføring på e-post og SMS fjernes fra listene.