Høyringssvar frå Forbrukartilsynet til Lotteri- og stiftelsestilsynet

01.08.2018 — Forbrukartilsynet sender høyringssvar til Lotteri- og stiftelsestilsynet med omsyn til endringar i forskrifta om forbod mot betalingsformidling utan norsk tillating.

Lotteri- og stiftelsestilsynet får utvida verkemidlar for å handtere betalingar til og frå spelselskap utan løyve. Foto: Bruno Glätsch/Pixabay

Forslaga blei lagt ut på høyring av Lotteri- og stiftelsestilsynet i april. Forbrukartilsynet støttar dei forslaga som no ligg ute på høyring, og vi meiner dei vil gi Lotteri- og stiftelsestilsynet moglegheita til å handtere oppgåvene sine meir effektivt.

– Det er bra at Lotteri- og stiftelsestilsynet får verkemidla dei behøver for å handtere betalingar til og frå føretak utan løyve i Noreg, seier avdelingsdirektør Jo Gjedrem i Forbrukartilsynet
– Vi har likevel foreslått i vårt høyringssvar at virkeområdet gjerne kan utvidas ytterlegere slik at tilsynet er betre rusta til å handtere nye og kreative forsøk på å formidle betaling til ulovlege spelselskap.

Har heimel til å avvise betalinger

Lotteri- og stiftelsestilsynet skriv på si nettside at dei viktigaste forslaga til endringar mellom anna er å tydeleggjere at forskrifta er eit generelt forbod om at bankar og andre føretak som yter betalingstenester i Noreg skal stanse alle betalingar knytt til pengespel som ikkje har tillating i Norge. Dei vil også understreke at Lotteri- og stiftelsestilsynet har heimel til å avvise betalingar til og frå føretak som gjennomfører betalingar på vegne av pengespelselskap, og ikkje berre betalingar til og frå pengespelselskap.

Høyringa er sendt ut på oppdrag frå Kulturdepartementet, og høyringsfristen er 15. august 2018.

16.08.2018

AutoPASS-utstedere kan ikke forskjellsbehandle dårlige betalere

Folk med dårlig økonomi bør ikke pålegges å stille depositum eller betale på forskudd for å passere bomringer med mindre de har misligholdt bompengeavtalen.