Forbrukartilsynet støttar forslag om verdigrenser og gebyr i saksbehandling

Forslaget til verdigrenser og gebyr vil gi eit meir målretta tvisteløysingstilbod til forbrukarane, og blir derfor støtta av Forbrukartilsynet.

Publisert:
Oppdatert:

Barne- og familiedepartementet har sendt ut forslag på høyring om innføring av verdigrenser og saksbehandlingsgebyr for saker som skal meklast og som skal vidare til Forbrukarklageutvalet.

Du finn høyringsbrev og -notat her

Vi støttar departementet sitt forslag til verdigrenser og gebyr fordi det vil gi eit meir målretta tvisteløysingstilbod til forbrukarane.

Du finn Forbrukartilsynets høyringsuttale her

Ei slik endring vil, slik Forbrukartilsynet ser det, vere med på å gi eit meir målretta tilbod for forbrukarane.

Om forslaget blir vedteke, kan det tre i kraft frå årsskiftet.