Billettar på svartebørs er eit sjansespel

Har konserten eller festivalen du drøymde om i sommar blitt utselt, og du vurderer å kjøpe billettar frå nokon andre enn arrangøren? Du har ingen garanti for at billettane som blir selde er ekte eller vil bli levert. Les tipsa våre for å unngå å bli lurt.

Publisert:

Sommaren er høgsesong for populære festivalar og kulturarrangement. Til fleire av festivalane og konsertane er billettane allereie utselt, men på svartebørsen dukkar det ofte opp billettar til sal.

Først og fremst er det greitt å vite at det er forbode å selje vidare billettar til ein høgare pris enn pålydande for arrangement i Noreg. Kvart år ser vi likevel at enkelte aktørar overprisar svartebørsbillettar til festivalar og andre kulturarrangement. Desse bør du styre unna. Har du allereie betalt ein høgare pris, kan du har krav på pengar tilbake.

Tips for å unngå billett-trøbbel:

Sjekk nettsida du handlar frå

Ikkje betal på forskot og nytt sikre betalingsløysingar

Har du betalt for mykje?

Forbrukartilsynet handhevar svartebørslova, og kan gripe inn mot verksemder som seljar billettar til ein høgare pris enn arrangøren har sett. Vi kan òg gripe inn dersom marknadsføringa er villeiande eller vilkåra urimelege.

Lova gir kjøper rett til å krevje det som er betalt for mykje (over pålydande pris) tilbake frå seljar.