18. desember 2019

Betalar du julehandelen på kreditt? Ver forsiktig

Er handlelista til jul lang, men kontoen tom? Det er lett å ty til eit forbrukslån, men det blir fort dyrare enn forventa. Sjekk kor mykje det faktisk vil koste om du betalar resten av julehandelen på kreditt.

Betalar du julehandelen på kreditt? Ver forsiktig

Å kjøpe i dag og betale i januar kan vere freistande, særleg ved juletider når ein skal kjøpe gåver og fylle kjøleskapet. Nordmenn tek opp stadig meir forbrukslån. Ein rapport frå Finanstilsynet viser at nordmenn ved utgangen av 2018 hadde 21 milliardar kroner i forbrukslån som hadde gått til inkasso.

Hugs at det må betalast tilbake

Før du vel å finne frem kredittkortet, bør du tenkje på korleis økonomien ser ut når fakturaen frå kredittkortselskapet kjem i januar.

– Ver bevisst på at lånet skal betalast tilbake. Viss du ikkje kan innfri heile gjelda og rentene byrjar å leggast til lånet, blir julegåvene fort mykje dyrare enn du såg for deg, seier direktør i Forbrukartilsynet Elisabeth Lier Haugseth.

Julehandelen på kreditt? Her er våre råd:

Hugs at om du berre betalar  minstebeløpet, vil renta byrje å løpe på resten av gjelda.