Barn har krav på vern mot skremmande reklame

07.02.2020 — Forbrukartilsynets saker mot Norsk vind og KLP handlar ikkje om klimapåstandar i marknadsføring, men om verkemidlane som er brukt.  Marknadsføringsloven forbyr marknadsføring som er i strid med god marknadsføringsskikk. Forbrukartilsynet har vurdert at både Norsk Vind og KLP har handla i strid med dette forbodet ved å nytte verkemidlar i reklamefilmane sine som er skremmande for barn.
Bildet viser et portrett av forbrukertilsyn Elisabeth Lier Haugseth. Bakgrunnen er uskarp. Haugseth ser rett i kameraet, og ser alvorlig ut. Bildet lenker til et nedlastbart pressebilde av Elisabeth.

Forbrukertilsyn Elisabeth Lier Haugseth

Forbrukartilsynet har bedt både Norsk Vind og KLP om å gjere endringar for å hindre at reklamefilmane vises for barn.

– Vi har sagt at filmane ikkje skal vises før klokka 21 på TV og ikkje under kinofilmar med aldersgrense under 15 år, seier direktør i Forbrukartilsynet, Elisabeth Lier Haugseth.

– Dette er fordi vi meiner filmane inneheld såpass dramatiske verkemidlar at dei kan virke skremmande på barn. Konklusjonen vår er at dette er brot på god marknadsføringsskikk, ettersom reklamen «bruker skremmande verkemidlar eller er egna til å skape frykt eller angst hos barn», seier Haugseth.

– Vi har ikkje fatta noko vedtak mot Norsk vind, fordi kampanjen no er avslutta.

Forbrukartilsynet har motteke hundrevis av klagar på Norsk Vind sin reklamefilm, som kom i fleire versjonar. Vi vurderar at den kortaste av disse, ein 15 sekunder lang film med “klimaklokken” – ikkje er i strid med marknadsføringsloven, men at dei øvrige er det. Forbrukartilsynet har også mottatt to klagar på KLP. Talet på klagar har ingen innverknad på tilsynets vurdering av desse sakane.

–  Alle næringsdrivande – uansett bransje – må sørgje for at omsynet til barn er ivaretatt når dei produserer reklamer der dramatiske verkemidlar blir tatt i bruk, seier Elisabeth Lier Haugseth.

 

 

 

26.03.2020

Varsler overtredelsesgebyr til Visjon TV & Webshop AS

Forbrukertilsynet varsler overtredelsesgebyr på 250.000 kroner til Visjon TV & Webshop AS for ulovlig markedsføring av kosttilskuddet Chaga.