Villeiande marknadsføring av bustadprosjekt

06.10.2015 — Ein eigedomsmeklar i Ålesund marknadsfører eit bustadprosjekt utan at det kjem tydeleg fram at oppføring av prosjektet krev godkjend rammesøknad frå kommunen. –Villeiande, meiner Forbrukarombodet.

«5 SALG TOTALT – Bo bynært med høy bokvalitet i attraktive selveierleiligheter i hjertet av Klipra» står det i annonsen på finn.no for bustadprosjektet Fagervikplassen i Ålesund. Det som ikkje kjem fram i annonsen, er at utbyggjaren før byggjestart må få godkjend ein rammesøknad.

Manglar godkjend rammesøknad

Denne informasjonen er berre tilgjengeleg i dokumentet «Kjøpsbetingelser» som ein kan laste ned frå bustadprosjektet si nettside og difor er vanskeleg tilgjengeleg. Godkjenning av rammesøknaden er, slik Forbrukarombodet forstår det, avgjerande for at prosjektet skal bli realisert.

– Dette er både vesentleg og naudsynt informasjon for potensielle kjøparar, som må komme tydeleg fram i marknadsføringa. Slik bustadannonsen ser ut i dag er den villeiande og det er også uheldig at den vesentlege informasjonen i tillegg er vanskeleg tilgjengeleg for forbrukaren, seier fagdirektør hjå forbrukarombodet Tonje Hovde Skjelbostad.

Rammesøknaden for prosjekter er framleis til behandling hos kommunen. Denne søknaden inkluderer også spørsmålet om rivning av eit bygg som Riksantikvaren meiner har kulturhistorisk verdi. Det kjem heller ikkje fram av marknadsføringa at dette er ein del av rammesøknaden.

Villeiande

– Å kjøpe ein bustad er ei stor økonomisk avgjerd. Om naudsynt informasjon ikkje kjem klart fram i marknadsføringa, kan forbrukarar bli villeia til å ta økonomiske val dei elles ikkje ville gjort, seier Skjelbostad.

I eit brev til selskapet ber Forbrukarombodet selskapet sørgje for at informasjon om at prosjektet framleis treng godkjent rammesøknad for å bli realisert skal komme tydeleg fram for potensielle kjøparar.

Bustad er eitt av dei høgast prioriterte områda for Forbrukarombodet  i 2015. Ved å føre eit aktivt tilsyn med bustadmarknaden kan ombodet bidra til ein trygg marknad og avgrensa sivile tvistar i etterkant av eit kjøp eller leigeforhold

07.12.2018

Forbrukartilsynet vil ha betre kredittvurderingar

Grundige kredittvurderingar er etter vårt syn eitt av dei viktigaste tiltaka for å førebyggje gjeldsproblem og den voksande andelen kredittkortgjeld i norske heim. Det er eitt av innspela Forbrukartilsynet har gitt i vårt høyringssvar til den nye forskrifta om forsvarleg utlånspraksis for forbrukslån.