Villeiande marknadsføring av bustad til unge

10.12.2013 — Entreprenørselskapet HSH Entreprenører AS lokkar unge på bustadjakt med leilegheiter i eit «ungt og kult bokonsept» til ein månadleg pris på cirka 4800 kroner. For dei aller fleste kjøparane vil bustadene bli betydeleg dyrare. – Ulovleg marknadsføring, meiner Forbrukarombodet.

I ein stor annonse i Fædrelandsvennen marknadsførte entreprenørselskapet HSH Entreprenører AS nyleg Startbox Lauvåsen – eit bustadprosjekt utanfor Kristiansand retta mot unge bustadkjøparar. Ifølgje annonsen skulle månadskostnadane på ei leilegheit i prosjektet vere rundt 4800 kroner. Det som ikkje kom fram i marknadsføringa er at ei rekkje føresetnader må vere oppfylt for at denne prisen skal vere reell, og at månadsutgiftene for dei aller fleste kjøparane vil bli betydelig dyrare.

Dette kom ikkje fram

  • Husbanken finansierar berre 80 prosent av kjøpesummen. Kjøpar må dermed skaffe 20 prosent av kjøpesummen på anna vis.
  • Prisen føreset eit lån i Husbanken med ei fast rente i ti år på 3,251 prosent. Dagens rente er allereie høgare enn dette, noko som vil medføre betydelege ekstra utgifter for kjøper.
  • Prisdømet føreset at kjøpar har avdragsfridom på bustadlånet i åtte år. Det vert ikkje gitt noko informasjon om at månadskostnadane vil auke betrakteleg når kjøpar skal byrje å betale ned på lånet.
  • Prisdømet oppgir berre netto-kostnad, kor skattefrådraget er trokke frå. Ifølgje bransjenorma for marknadsføring av bustad har ein ikkje høve til å marknadsføre netto bukostnadar utan samtidig å opplyse like tydeleg om bruttokostnadane.
  • Storleiken på felleskostnadane er usikker, sidan det er sameiget som bestemmer denne.
  • Prisen gjeld berre dei minste leilegheitene i prosjektet.

– Denne marknadsføringa er eigna til å villeide forbrukarane til å tru at bustadane er rimelegare enn dei eigentleg er. Dette er noko vi ser alvorleg på, særleg sidan målgruppa for prosjektet er unge forbrukarar som vanlegvis har lita eller inga erfaring frå bustadmarknaden, seier forbrukarombod Gry Nergård.

Viktig med tydelig prisinformasjon

Prisnivået på bustadar i og rundt dei store byane i Noreg er framleis høgt, og det er vanskeleg for unge forbrukarar å komme inn på bustadmarknaden. Etterspurnaden etter rimelege bustader er stor, difor er det truleg mange unge som let seg freiste av denne typen tilbod.

– Unge forbrukarar manglar erfaring på området, og har difor dårlegare føresetnader for å setje seg inn i konsekvensane av å ta opp lån og kjøpe bustad. For å sikre at desse tar velinformerte val, er det difor viktig at opplysningar om pris er korrekte og tydelege, seier Nergård.

Forbrukarombodet ber no HSH Entreprenør AS som står bak bustadprosjektet Startbox Lauvåsen om å endre den lovstridige marknadsføringa umiddelbart. Selskapet har fått frist til 12. desember med å svare på førespurnaden frå ombodet.

12.01.2021

Forbrukertilsynet tar imot klager på varer og tjenester

Vil du klage på en vare eller tjeneste du har kjøpt? Trenger du hjelp til å løse en konflikt med en selger? Nå kan du melde inn nye meklingssaker til Forbrukertilsynet.