Varslar lovbrotsgebyr for ulovleg trusesal

11.02.2014 — Forbrukarombodet har i lengre tid motteke klagar frå forbrukarar som har fått undertøy i posten med krav om betaling, utan at dei har inngått ein avtale om dette. No varslar ombodet lovbrotsgebyr på 250.000 kroner til Haugesund Dialog AS.

I byrjinga retta klagane seg mot det sveitsiske selskapet Provea. Etter kvart vart det klart at problema låg hjå det norske callsenteret Haugesund Dialog (HD AS) som utførte telefonsalet for Provea. I oktober 2013 avslutta Provea samarbeidet med Haugesund Dialog, men klagane fortsette likevel å strøyme inn til Forbrukarombodet.

Gratisprøver blei til abonnement

Ifølgje klagarane har HD AS kontakta forbrukarane med tilbod om å få ei gratis pakke med undertøy, som i realiteten har vore eit undertøysabonnement som kostar pengar.

Forbrukarombodet har bedt HD AS gjere greie for klagane ombodet har motteke, og stadfeste at selskapet vil følgje marknadsføringslova i framtida. Men HD AS har verken svart på førespurnadane eller bekrefta at dei vil endre deira praksis.

Forbrukarombodet har no varsla  at dei vil skrive ut eit lovbrotsgebyr til selskapet på 250.000 kroner for grove brot på marknadsføringsloven. Samstundes vert dagleg leiar for selskapet varsla om at han vil bli pålagd å betale eit personleg lovbrotsgebyr.

Protester på kravet

Forbrukarar som ufrivillig har motteke varer med krav om betaling lyt kontakte selskapet og sende ein skriftleg protest på kravet. Ved sal over telefon må tilbod normalt vere akseptert skriftleg av forbrukaren for at avtalen skal vere bindande. Forbrukaren skal og ha fått skriftleg informasjon om at tenesta er eit abonnement og om dei totale kostnadene han skal betale.

–Krev dokumentasjon på at avtalen dei hevdar at dei har inngått med deg er akseptert skriftleg og har det innhaldet selskapet hevdar. Be om at kravet vert sletta dersom avtalen ikkje kan dokumenterast, seier fagleiar hjå Forbrukarombodet Sverre McSeveny-Åril.

Meiner selskapet framleis at dei har eit krav mot deg, og sender dette til inkasso, må du gje inkassoselskapet skriftleg beskjed om at du er ueinig i kravet. Ein kan ikkje inndrive krav via inkasso så lenge det er omstridt.

Evaluering av telefonsalsregelverket

I 2014 skal regelverket for telefonsal opp til ei ny vurdering. Forbrukarombodet ser framleis mange problem på dette området og ynskjer evalueringa velkomen.

– Vi er positive til at departementet no skal sjå på telefonsalsregelverket på nytt. Vi vil følgje utviklinga tett, og sikre at forbrukarane som har kontakta oss vert høyrd, seier forbrukarombod Gry Nergård.

17.01.2020

Mener dansk påvirker bryter loven

Forbrukertilsynet mener den danske påvirkeren Fie Laursen bryter loven ved omfattende markedsføring av kosmetiske inngrep i sosiale medier.