Variable straumavtalar skal følgje utviklinga i marknaden

Forbrukartilsynet har sendt rettleiing til alle straumleverandørar som sel straum til forbrukarar i Noreg. Leverandørar som tilbyr variable straumavtalar, må sørgje for at prisen blir endra i tråd med utviklinga i marknaden.

Publisert:

Bakgrunnen for rettleiinga er tips om at straumleverandørar med kundar som har variable straumavtalar, har hatt ein fast, høg straumpris over lengre tid, samstundes som marknadsprisen har endra seg.

Kjernen i ei variabel straumavtale er at prisen nettopp skal variere. Prisen treng ikkje følgje marknadsprisen like tett som i ei spotprisavtale, men han må justerast jamleg i tråd med utviklinga i marknaden.

Forbrukartilsynet vurderer at det å la prisen stå uendra over lengre tid, medan prisen i straummarknaden svingar, vil vere eit brot på avtalen. Med mindre den faste prisen til kvar tid er lågare enn den svingande marknadsprisen, meiner vi at dette òg er ein urimeleg og forbode handelspraksis.

Vår vurdering er derfor at straumleverandørane må endre prisen i tråd med avtalen. Dei straumleverandørane som likevel ikkje oppfyller pliktene sine etter avtalen, må avslutte dei variable straumavtalane. Dei kan sjølvsagt òg tilby kundane å inngå andre typar straumavtalar.

Brevet er sendt til alle straumleverandørar som tilbyr straumavtalar til forbrukarar. Forbrukartilsynet har ikkje teke stilling til om den enkelte mottakaren tilbyr variable avtalar eller har brote marknadsføringslova.

Ved ein seinare kontroll kan lovbrot føre til vedtak om tvangsmulkt eller lovbrotsgebyr.

Les rettleiingsbrevet om variable straumavtalar.

Flere artikler

Ulovlig praksis ved salg av strømavtaler ved overtakelse av bolig

Det er ikke lov å kreve at kjøperen inngår strømavtale ved overtakelse av bolig eller ved signering av kontrakt. Vi ber bransjen nå rydde opp i det vi ser på som ulovlig praksis.