Ulovlege SMS-ar kan koste dyrt

22.02.2012 — Over 800 forbrukarar fekk i fjor haust uønskt SMS-reklame med tilbod om «frekke filmar». Meldinga kosta 69 kroner og hamna på forbrukarane si mobilrekning. Forbrukarombodet har no varsla den ansvarlege bak utsendinga om at han kan vente seg eit gebyr på 120.000 kroner.

Den næringsdrivande som sende ut SMS-ane hadde ikkje noko tilknyting til den opphavlege abonnementstenesta, men hadde sendt ut SMS-ar til tilfeldige forbrukarar utan avtale eller samtykke. Utsendinga var difor eit klårt brot på marknadsføringslova.

– Det skal ikkje løne seg å bryte lova, og me har varsla den ansvarlege bak utsendinga om at me vil fatte vedtak om lovbrotsgebyr. Vedkommande må difor rekne med eit gebyr på rundt 120.000 kroner, seier forbrukarombod Gry Nergård.

Tryggare for forbrukaren
Forbrukarombodet fekk før jul i 2012 gjennomslag for eit krav til mobiloperatørane om større tryggleik for forbrukaren ved bruk av innhaldstenester. No må du stadfeste med ein eigen SMS før du blir bunden av abonnementsavtalar på slike tenester.

– Vi vil følgje bransjen nøye framover og jobbar for at alle aktørane faktisk overheld desse krava, seier forbrukarombod Gry Nergård.

Slik klager du
Dersom telefonrekninga di er blitt urettmessig belasta, bør du klage til teleoperatøren din. Gjev dei deg ikkje medhald, kan du klage til Brukarklagenemda for elektronisk kommunikasjon.

12.01.2021

Forbrukertilsynet tar imot klager på varer og tjenester

Vil du klage på en vare eller tjeneste du har kjøpt? Trenger du hjelp til å løse en konflikt med en selger? Nå kan du melde inn nye meklingssaker til Forbrukertilsynet.