Ulovleg telefonsal frå Oslo Kraft

12.06.2017 — Telefonseljarar frå Oslo Kraft har villeia ei rekkje forbrukarar. No får selskapet beskjed om å endre telefonmarknadsføringa og skjerpe rutinane sine.
Bilde av en strømmast sett nedenifra. Blå himmel med skyer i bakgrunnen.

TELEFONSAL: Straumavtalar kan vere kompliserte og egnar seg ikkje for telefonsal. Forbrukarombod Elisabeth Lier Haugseth oppmodar difor forbrukarane til å slenge på røret om dei blir ringde opp av ein telefonseljar. FOTO: pixabay.com

Forbrukarombodet får stadig klagar frå både forbrukarar og andre straumleverandører på telefonsalsmetodane til Oslo Kraft. Klagane tyder på at telefonseljerane ikkje har gitt opplysningar om til dømes bindingstid og brotgebyr ved oppseiing.

Falske påstandar

Enkelte klagarar fortel at telefonseljaren har komme med falske påstandar om samarbeid med andre straumleverandørar. Ein meiner han ikkje fekk ein månads gratis straum som han blei lova mot at han batt seg i 12 månader, medan ein annan opplyser at telefonseljaren utgav seg for å vere klagaren og ringde til nettselskapet hennar for å få oppgitt målarstand.

– Slike framgangsmåtar er sjølvsagt ulovlege. Forbrukarane må få korrekt informasjon og nok informasjon om straumavtalar, uansett korleis dei marknadsførast, seier forbrukarombod Elisabeth Lier Haugseth.

Les også: Strømselskaper må rydde opp i vilkårene

Sleng på røret!

Ho understrekar at straumavtalar kan vere kompliserte og ikkje egnar seg for telefonsal. Forbrukarombodet får stadig nye klagar på telefonseljarar som ringer på vegne av straumselskap.

– Dersom ein vil byte straumleverandør bør ein undersøke tilboda i ro og mak. Straumavtalene som marknadsføres på telefon er òg dyrare enn avtalane ein kan finne sjølv hos leverandørane. Denne saka viser nok ein gong at forbrukarar som blir ringde opp av ein straumseljarar gjer klokt i å slenge på røret, seier Haugseth.

Forbrukarombodet har konkludert med at Oslo Kraft har brote lova. Ombodet krev at selskapet endrar telefonmarknadsføringa, og at dei sett i verk tiltak for å hindre nye lovbrot innan 13. juni 2017.

18.02.2019

Svindel med IQ-tester – Innbetalinger blir blokkert

Forbrukertilsynet gikk i desember ut og rådet forbrukere til ikke å betale for IQ-tester som ble markedsført på Snapchat og Facebook. AG Finans truer nå de som ikke har betalt med advokat og søksmål, men dette er tomme trusler.