Ulovleg telefonsal frå NextGenTel

04.05.2015 — Breibandsleverandøren NextGenTel må slutte å kontakte forbrukarar som har reservert seg mot telefonsal, krev Forbrukarombodet. Selskapet må også gje forbrukarane betre opplysningar før ei avtale vert inngått.

Forbrukarombodet fekk i oktober i fjor ei klage frå Telenor på breibandsleverandøren NextGenTel. Telenor hevda at NextGenTel ringde opp forbrukarar som har reservert seg mot telefonsal. Vidare meinte selskapet at kundane ikkje fekk mogelegheit til å bekrefte tilbodet dei hadde fått per telefon skriftleg, slik lova krev.

Vart ringde opp, trass reservasjon   

Forbrukarombodet gjennomgjekk 141 klager Telenor hadde motteke frå forbrukarar på NextGenTel og 13 klager ombodet sjølv hadde motteke. Det viste seg at minst 54 personer var kontakta av NextGenTel trass i at dei har reservert seg mot telefonsal i Reservasjonsregisteret. Dette er ulovleg.

Forbrukarombodet gjennomgjekk også tilbodet NextGenTel sender ut til forbrukaren i etterkant av ei telefonsamtale, og fann her ei rekkje manglar. I staden for å opplyse om bindingstid, nyttar NextGenTel det meir ulne ordet «avtaletid». Samstundes opplyser dei ikkje godt nok om samla kostnadar, oppseiingsgebyr og om at avtalen som kunden har takka ja til munnleg, ikkje er gyldig før han er bekrefta skriftleg.

Krev at selskapet endrar teksten

Selskap som marknadsfører seg via telefonsal, pliktar å gje forbrukaren alle relevante opplysingar om tilbodet og angreretten skriftleg før ein avtale er inngått.

– Det er ulovleg å kontakte forbrukarar som har reservert seg mot telefonsal. Samstundes er kravet om skriftleg avtaleinngåing eit viktig vern mot useriøse salsframstøyt. Vi forventar at NextGenTel stansar dei ulovlege oppringingane og endrar teksten dei sender til forbrukarane slik at den inneheld alle lovpålagde opplysingar, seier forbrukarombod Gry Nergård.

NextGenTel har fått frist til 11. mai med å svare Forbrukarombodet.

Forbrukarombudet har samstundes fått klager frå ti forbrukarar som meiner at dei har blitt kontakta av telefonseljarar frå Telenor, trass i at dei har reservert seg mot telefonsal. Ombodet har difor oppretta ei sak på Telenor.

31.10.2019

Axo Finans vil rydde opp i spam-markedsføring

Axo Finans sier de vil gå gjennom sine lister med kontaktinformasjon til forbrukere, og sørge for at forbrukere som ikke har avgitt gyldig samtykke til å motta markedsføring på e-post og SMS fjernes fra listene.