Ulovleg SMS-reklame for forbrukslån

13.10.2016 — Axo Finans reklamerer for forbrukslån utan å opplyse om pris på tenesta. Forbrukarombodet ber låneformidlaren rydde opp i den ulovlege marknadsføringa.
Bildet viser en mobiltelefon. På skjermen er det en sms fra Axo Finans hvor det tilbys refinansieringslån.

MANGLAR PRIS: Når ein marknadsfører kreditt, må ein ha med ei rekke prisopplysningar. I denne SMS-en frå Axo Finans fekk ikkje forbrukaren informasjon om kva lånet kostar.

«Refinansier kredittkortgjeld inntil 500.000 kr og få bedre økonomi!»  

Slik byrjar Axo Finans reklamen dei har sendt ut på SMS. Vidare følgjer ei lenke til eit skjema forbrukarane kan fylle inn om dei vil søke på forbrukslån via selskapet.

Må nytte eit prisdøme

Reklame for lån og kredittkort skal alltid innehalde opplysningar om kva lånet faktisk vil koste i eit såkalla «representativt døme».  Axo Finans bryt lova når dei sløyfar desse viktige opplysningane i SMS-reklamane sine.

Sjølv om Axo Finans formidlar lån frå andre bankar, er dei pålagt å nytte prisdøme i all reklame.  Dette kan lagast med utgangspunkt i lånebeløp og kostnadar som er representativt for forbrukarane som får lån gjennom dei.

– Forbrukslån er dyre lån, og kan potensielt stille forbrukarane i ein vanskeleg økonomisk situasjon. Difor er det viktig at kostnaden med desse låna kjem klart og tydeleg fram, så forbrukarane kan ta velgrunna val, seier fungerande forbrukarombod Bente Øverli.

Ikkje lov til å sende SMS-ar

Fleire av klagarane opplys at dei fekk reklamen frå Axo Finans tilsendt på telefonen, sjølv om dei ikkje har samtykka til å ta imot mobilreklame frå firmaet.

For at ein næringsdrivande skal kunne sende ut SMS-marknadsføring, må forbrukaren ha takka ja til det.

– Reklame på mobilen vil av mange opplevast som svært påtrengande. Næringsdrivande må difor vere sikre på at de har sitt på det tørre før dei sender ut SMS-marknadsføring, seier Øverli.

Axo Finans er bedne om stanse alle reklamar utan lovpålagde prisopplysningar og gå gjennom rutinane for SMS-utsending innan 13. oktober.

Kredittreglane bør skjerpast

Forbrukarombodet har lenge etterlyst strengare reglar for kredittmarknadsføring, og har tidlegare lagt fram eit konkret forslag til Barne- og likestillingsdepartementet.

– Vi ønskjer reglar som kan bidra til å dempe det høge reklamepresset og gjere marknadsføringa av lån og kreditt mindre påtrengande, avsluttar Øverli.

21.01.2020

Orienterer Tiktokere om gaver og «shoutouts»

Påvirkere i sosiale medier tar betalt for å gi følgerne sine «shoutouts» og det arrangeres konkurranser hvor unge følgere oppfordres til å gi påvirkere gaver. Det kan være problematisk ifølge Forbrukertilsynet, som nå orienterer store Tiktokere om regelverket.