Ulovleg marknadsføring av flybilletter

24.01.2016 — Selskapet Travelmarket AS lovar marknadens billigaste flybilletter og tilbakebetaling av differansen om du finn ein rimeligare billett. Forbrukarombodet meiner marknadsføringa er ulovleg.
Bildet viser tidligere forbrukerombud Gry Nergård

Ulovleg marknadsføring: Travelmarkets prisgaranti er ikkje reell, seier forbrukarombod Gry Nergård.

Selskapet Travelmarket AS skriv i sin reklame at dei tilbyr ein prisgaranti, slik at du er sikra dei billigaste flybillettane på marknaden. For å marknadsføre ein prisgaranti må ein kunne dokumentere at produktet til ein kvar tid er billigare enn same produkt hos konkurrentane.

– Slik vi vurderer det vil det, reint praktisk, vere veldig vanskeleg for Travelmarket å dokumentere at deira prisar alltid er lågast, seier forbrukarombod Gry Nergård.

I annonseteksten står det mellom anna at du har rett til å få tilbakebetalt differansen dersom du finn den same reisa til lågare pris.  Det er dermed opp til forbrukaren sjølv å sikre at billetten er billegast, ved å aktivt oppsøke andre leverandørar. Dette kan ikkje kallast ein «prisgaranti».

Tilbakebetaling først etter reisa

Den billigare reisa må du finne innan fire timar etter at du har kjøpt billetten og klikke deg vidare frå nettsida til Travelmarket AS. Ein eventuell utbetaling kan, ifølge vilkåra, ikkje skje før etter reisa er over, og forbrukaren må sende inn ein kopi av boardingkortet sitt for å få pengane på konto. Krava for å nytte garantien framstår som svært strenge. ­

– Desse vilkåra avgrensar innhaldet i prisgarantien i så stor grad at Travelmarket ikkje kan love at du er sikra marknadens billigaste flybilletter, seier Nergård.

Forbrukarombodet har bedd Travelmarket AS om å endre den ulovlege marknadsføringa innan 29. januar.

Utforma som journalistikk

Travelmarkets annonse blei funne på nettavisen.no, og er utforma som ein innhaldsreklame. Sjølv om denne typen utforming skil seg frå tradisjonell marknadsføring, er det reklame, og dermed underlagd marknadsføringslova. Det er ikkje første gong Forbrukarombodet ser seg nøgd til å slå ned på ulovleg innhaldsmarknadsføring på Nettavisen sine sider.

– Vi ser at det er ei auke i bruken av denne typen marknadsføring.  Både annonsørane og avisene må ta ansvar for å følgje lovgivinga. Stadig fleire tar i bruk innhaldsmarknadsføring, og vi vil følgje nøye med for å sikre at lova følgjes også i dei tilfella. Forbrukarane skal ikkje bli villeia, seier Gry Nergård.

20.11.2019

Gjør det enklere for forbrukere å reservere seg mot telefonsalg

Hvert år opplever mange forbrukere å bli oppringt av telefonselgere, til tross for reservasjon mot denne typen oppringinger. Forbrukertilsynet har laget en oversikt over hvor forbrukere kan henvende seg for å reservere seg direkte hos mange næringsdrivende og frivillige organisasjoner.