Ulovleg kredittreklame frå Power

10.10.2018 — I ein reklame på nettsida lokkar Power med tre års betalingsutsetting heilt utan gebyr. Men med liten grå skrift på kvit bakgrunn kjem det fram at du først må inngå ein kredittavtale med Santander Consumer Bank. Ulovleg, seier Forbrukartilsynet som krev at selskapet fjernar reklamen.
Bildet viser ein kredittreklame for Power

USYNLEG: Den grå teksten i reklamen på nettsida til Power er nesten usynleg.

Dette er ein av to ulovlege reklamar Forbrukartilsynet no tek opp med elektrokjeda Power. I kampanjeavisa som blei sendt ut i veke 37 lokkar Power også med låge prisar og opptil 3 års rente- og gebyrfri delbetaling. Men først 19 sider bak i bladet kjem det fram at kunden må inngå ein kredittavtale for å oppnå delbetalinga.

– Desse reklamane er begge eksemplar på at Power framhevar bonusar og fordelar kundane kan få – utan å gjere det like tydeleg at dette berre er mogleg viss dei handlar på kreditt. Kostnadane ved ein kredittavtale er også langt frå tilstrekkeleg framheva. Dette er klart ulovleg, seier Jo Gjedrem, avdelingsdirektør i Forbrukartilsynet.

Prisjungel

I den aktuelle kampanjeavisa er prisane som er framheva som hovudregel ikkje kontantprisen for varen, men ein delbetalingspris som berre er tilgjengeleg for kundar som inngår avtale om kreditt. Informasjon om at prisane gjeld pr. månad i eitt, to eller tre år er skrivne i liten skrift.

Når avisa i tillegg inneheld tre ulike pristypar – kontantpris, delbetalingspris viss du inngår ein kredittavtale og delbetalingspris viss du inngår eit mobilabonnement, er det ikkje lett for kunden å vite kva prisen faktisk er.

Må gi klåre opplysningar

– Her er det lett å gå seg vill i prisjungelen. Ein rabatt mot at du handlar på kreditt kan fort bli ein kostnad viss du ikkje betalar tilbake i tide. Derfor er det heilt vesentleg at kundane får klar og tydeleg informasjon om at prisen gjeld viss du handlar på kreditt, og kva eit kredittlån faktisk kostar, seier Gjedrem.

Forbrukartilsynet har konkludert med at Power har brote lova – og krev ei stadfesting på at reklamane er fjerna og at denne typen marknadsføring ikkje blir gjenteken.

Power har svart at dei har endra marknadsføringa.

18.10.2018

Får lovbrotsgebyr på 150 000 kroner

Forbrukartilsynet fattar vedtak om lovbrotsgebyr på 150 000 kroner mot Rørleggervakta 24vvs AS. Selskapet har villeia forbrukarar om kva slags teneste dei leverer.