Ulovleg bustadsmarknadsføring retta mot unge

26.05.2016 — Kan du bu for kr. 2000 per månad, spurte eit utbyggjarselskap i sin marknadsføring for nye bustader, retta mot unge bustadkjøparar i Oslo. – Villeiande, meiner Forbrukarombodet, som bad selskapet om å endre reklamen.
Bildet viser markedsføring på Instagram for Pengeskapsfabrikken

ULOVLEG: Denne marknadsføringa for Pengeskapsfabrikken er ulovleg, meiner Forbrukarombodet.

Bustadmarknaden i Oslo er pressa og prisen på små bustader er rekordhøg. I ein slik marknad kan reklame for «rimelege» bustader virke forlokkande. Marknadsføringa for prosjektet Pengeskapsfabrikken på Carl Berner i Oslo lokka unge på bustadjakt med følgjande utsegn: «Kan du bo for 2.000 kr per månad?», og «Kan du eie en 3-roms leilighet til ca. kr. 2.000 i mnd?». Selskapet sette opp eit priseksempel som viste at du kan nettopp det. Men priseksemplet var basert på tenkte nettokostnadar, der kjøparen leigde ut eit av romma i ein treroms bustad. Potensielle skattefrådrag var trekt i frå, og priseksemplet føresette også at kjøpar valde avdragsfritt lån.

Ulovleg, meiner Forbrukarombodet.

– Ein kan ikkje marknadsføre ein bustad med høgst potensielle netto månadskostnadar utan å samstundes og like tydeleg opplyse om kva bustaden faktisk kostar utan frådrag og potensielle leigeinntekter, seier forbrukarombod Gry Nergård.

Marknadsført på instagram

Prosjektet Pengeskapsfabrikken inneheld små, sentrumsnære bustadar, og er mellom anna marknadsført på Instagram. Marknadsføringa, utført av Eiendomsmegler 1 Prosjekt, retta seg mot unge kjøparar, som naturleg nok har liten eller inga erfaring med bustadkjøp, og difor lettare kan bli villeia. Det har frå fleire hald blitt framheva at det er særleg vanskeleg for unge fyrstegangskjøparar å komme seg inn på bustadmarknarden i Oslo. Difor følgjer vi ekstra godt med på marknadsføring med særleg appell til denne målgruppa.

– Å kjøpe ein bustad er ei stor økonomisk avgjerd. Denne typen marknadsføring kan villeia unge bustadkjøparar til å tru at det er rimelegare å kjøpe ein bustad enn det faktisk er, seier Nergård.

Endrar marknadsføringa

Forbrukarombodet har bedt Urbanium AS om å bekrefte at dei vil endre den ulovlege marknadsføringa i alle kanalar, slik at brutto kostnadane til ein kvar tid er like tydelege som nettokostnadane. Selskapet har i ein e-post til Forbrukarombodet bekrefta at dei fjernar den aktuelle marknadsføringa, og at dei ikkje vil marknadsføre seg på tilsvarande måte i framtida.

 

15.11.2018

Problematiske prisgarantier

KRONIKK: En selgers garanti om lavest pris kan være dårlig nytt for oss kunder, enten garantien er reell eller ikke, skriver Elisabeth Lier Haugseth, direktør i Forbrukertilsynet og Lars Sørgard, konkurransedirektør