Uklare fristar i byggekontraktar

04.11.2011 — Fleire utbyggarar nyttar avtalar med uklare fristar for når bustaden skal stå ferdig. Forbrukarombodet meiner dette er urimeleg og kan skape problem for forbrukarar som inngår kontraktane.

Forbrukarombodet har sendt brev til sju utbyggarar og bedt dei endre standardkontraktane sine. Alle desse hadde ein uklar frist for overtaking. Formuleringar som «tar sikte på ferdigstilling…», eller «overtaking antas å skje…» går igjen.

Slike uklare fristar skapar usikkerheit hos kjøpar om når han kan vente seg å overta bustaden, og gjer det vanskeleg å konstatere når arbeidet er forsinka. Utan ein klar frist er det også vanskelig for forbrukar å krevje dagmulkt for å påskynde ferdigstillinga.

Standardavtalar

I regi av Standard Norge har byggebransjen og forbrukarstyresmaktene samarbeidd om å lage standardavtalar for sal av nyoppførte bustadar. Fleire store aktørar nyttar allereie desse avtalane, som blant anna inneheld krav om ein klar frist for når bustaden skal stå ferdig.
Forbrukarombodet har no bedt fleire av utbyggarane om å bruke standardavtalane, eller kontraktar med minst like gode vilkår.

Krev klar frist

For å kunne planlegge både økonomiske og praktiske tilhøve ved byte av bustad, er det viktig at forbrukaren har ein klar overtakingsfrist å halde seg til. Forbrukarombodet arbeider no for å få endra utbyggarane sine standardkontraktar.
Samstundes er det viktig at forbrukarane sjølve sjekkar at det er ein klar frist, og ber om endring dersom frist manglar.

– Du kan krevje at utbyggar set ein konkret dato for når bustaden skal vere ferdigstilt, seier forbrukarombod Gry Nergård.

Positiv dialog

Det varierer kor store endringar Forbrukarombodet har bedt dei ulike aktørane gjere, men gjennomgåande må dei endre vilkår som avvik frå standardavtalen.

– Vårt utgangspunkt er at ingen forbrukarar skal inngå byggekontraktar med dårlegare vilkår enn Standard Norge si standardkontrakt som partane har forhandla fram, seier forbrukarombod Gry Nergård.

Ombodet venter svar frå dei sju utbyggarane i starten av november.

– Dialogen med bransjen har så langt vore positiv, og det er grunn til å tru at fleire av utbyggarane som har mottatt brev vil gjere dei endringane vi har bedt om, seier forbrukarombod Gry Nergård.

25.11.2020

Aktører får brev etter tilsynsaksjon på kroppspress

Forbrukertilsynet har gjennomført en ny tilsynsaksjon for å sjekke omfanget av markedsføring i sosiale medier som kan bidra til å skape kroppspress blant barn og unge.