I januar 2026 undersøkte vi marknadsføringa av talet på soverom i bustadannonsar frå ti ulike eigedomsføretak. Føremålet var å sjå om marknadsføringa var i samsvar med krava i marknadsføringslova.
Marknadsføringa som vart undersøkt, var eit tilfeldig utval av 20 bustad- og 20 fritidsbustadannonsar frå heile landet, til saman 40 annonsar for kvart eigedomsmeklarføretak. Utvalet var avgrensa til brukte bustader og fritidsbustader, annonsar med høvesvis tre og fire soverom, eller fleire. Totalt undersøkte Forbrukartilsynet 400 annonsar.
Forbrukartilsynet fann at 40 av 400, altså ti prosent av annonsane, rekna fleire soverom enn det bustaden hadde då marknadsføringa vart gjort. Nokre av romma som vart rekna var ikkje godkjent for varig opphald.
I enkelte tilfelle var ikkje dei oppgitte soveromma bygde på marknadsføringstidspunktet. I ein fritidsbustad fann vi til dømes at bustaden vart marknadsført med fire soverom, sjølv om kjøpar måtte byggje alle fire romma sjølv.
– Undersøkinga viser at meklarbransjen har rom for klarare og mindre villeiande informasjon i marknadsføringa av soverom. Vi fann feil i annonsane til alle dei ti meklarforetaka vi granska. Forbrukarane må kunne stole på at opplysningane dei får er korrekte, seier direktør i Forbrukartilsynet, Bente Øverli.
Sjå meir om reglane i bustadrettleiaren vår
Eigedomsføretaka vi har undersøkt:
- Aktiv Eiendomsmegling AS
- DnB Eiendom AS
- Eie Franchise AS
- Eiendomsmegler 1 AS
- Eiendomsmegler Norge AS
- Krogsveen Eiendom AS
- Nordvik Bolig AS
- Privatmegleren AS
- Proaktiv Gruppen AS
- &Partner AS
Ulovleg marknadsføring
Informasjon om talet på soverom er sentrale opplysningar som ofte har avgjerande betydning for om bustaden er eit aktuelt objekt eller ikkje. Talet på soverom blir rekna som ei vesentleg opplysning om hovudeigenskapane til bustaden som må oppgivast i marknadsføringa.
Moglege og ubygde rom eller rom som ikkje er lovleg for varig opphald (til dømes ei bu) kan ikkje telle med som soverom. Slik rekning kan potensielt villeie forbrukarar til å ta økonomiske avgjerder dei elles ikkje ville ha teke. Dette er ulovleg marknadsføring.
Vi ser at mange oppgir talet på soverom ut frå korleis romma blir brukte i dag. Det er ikkje tilstrekkeleg. For å finne ut kva rom som er godkjende som soverom, pliktar eigendomsmeklaren å innhente byggeteikningar frå kommunen.
Det er berre talet på soverom som er godkjende for varig opphald, og som eksisterer på marknadsføringstidspunktet, som kan oppgivast som soverom i marknadsføringa.
Ny rettleiar
Dette er ikkje første gongen vi gjennomfører denne kontrollen. Vinteren 2024 gjennomførte vi same tilsynsaksjon og fann lovbrot hos ni av ti aktørar.
Fleire av aktørane som vart undersøkte i 2024, vart også undersøkte denne gongen.
Bakgrunnen for at vi gir ei ny runde med rettleiing, er at vi publiserte ein ny rettleiar for marknadsføring av bustad 4. februar i år, der vi tydeleggjorde kva krav vi stiller til marknadsføring av soverom.
Det er aktørane sitt ansvar å sikre at marknadsføringa av talet på soverom er i tråd med marknadsføringslova og rettleiaren om marknadsføring av bustad.
I denne omgang gir vi grundig rettleiing via brev, med moglegheit til å rette opp praksisen.
– Vi oppmodar alle til å gjennomgå interne rutinar og standardar, og sørgje for at dei følgjer gjeldande krav, seier Øverli.
Dersom selskapa ikkje innrettar seg, kan Forbrukartilsynet fatte vedtak.
Forbrukartilsynet oppfordrar andre eigedomsføretak til å ta kontakt dersom dei synest reglane rundt marknadsføringa av talet på soverom er uklare.
Sjå heile bustadrettleiaren her
Krav til marknadsføring av antal soverom
Når antal soverom skal angivast i marknadsføringa, skal berre rom som er godkjent til bruk som soverom bli inkludert, viss ikkje kan dette vere i strid med marknadsføringslova. Dette gjeld òg opplysningar om antal soverom i filterfunksjonen på søkemotorar. Soverom som ikkje er godkjent, kan beskrivast elles i marknadsføringa. Det gjeld òg når det er uvisst om eit soverom er godkjent.
For å finne ut kva rom som er godkjent som soverom, pliktar eigedomsmeklar å innhente teikningar frå kommunen. Dersom bustaden har avvik frå teikningane, for eksempel at det ikkje er søkt bruksendringar på eit av romma til soverom (der det er slik søknadsplikt), så kan ikkje dette rommet blir marknadsført som soverom.
Eksempel: Bustaden har 4 rom som blir nytta som soverom, men berre 3 av desse tilfredsstiller krava til godkjenning. Her skal antal soverom blir angitt til 3. Ei nærare beskriving av det siste rommet kan bli gitt i salsoppgåva.
Dersom det ikkje er mogleg å finne ut av om soverommet er godkjent eller ikkje, må det gjerast ei konkret heilskapsvurdering av eigenskapane i rommet. Rom som openbart ikkje er godkjent som soverom, bør ikkje oppførast som soverom i marknadsføringa.
Eksempel: Bustaden har eitt rom i kjellaretasjen som blir nytta som soverom. Rommet har eit lite vindauge som ikkje kan brukast som rømmingsveg. Her anbefaler vi at rommet ikkje marknadsførast som soverom.