Strammar inn på kredittmarknadsføring

30.06.2017 — 1. juli trer nye reglar for marknadsføring av kreditt i kraft. Det inneber mellom anna at det blir ulovleg å fokusere på raske pengar rett i lomma i reklame for forbrukslån og kreditt.
BIldet viser en person som holder mange ulike bankkort.

EDRUELEG REKLAME: Med dei nye reglane for marknadsføring av kreditt blir det mellom anna ikkje lov å framheve kor raskt kunden kan få kreditt, og kor låg terskel det er.

– Dei nye reglane gjer det vanskelegare  å spele på kor raskt ein kan få pengane og kor lett tilgjengeleg pengane er. Dette vil avverje den mest aggressive marknadsføringa av kreditt og forbruksgjeld, seier forbrukarombod Elisabeth Lier Haugseth.

Ikkje lokke med raske kredittar

Meir konkret inneber endringane at det ikkje blir lov å framheve:

  • kor raskt kunden kan få kreditt til disposisjon
  • kor raskt han kan få svar på ein førespurnad om kreditt
  • at det er låg terskel for å få kreditt
  • at det er ein enkel søknadsprosess

– Lovnader om raske pengar rett i lomma er mykje brukt i marknadsføring av forbrukslån, og oppmodar til impulsivitet.  Men ein bør ikkje ta opp kreditt utan å vurdere behovet eller konsekvensane grundig. Med lovendringa kan slike opplysningar ikkje gis større merksemd enn informasjonen om kva lånet faktisk kostar, seier forbrukarombod Elisabeth Lier Haugseth.

Les forskrifta her.

I tillegg blir moglegheita til å framheve tilleggsfordelar som bonuspoeng, rabattar og vervepremiar avgrensa. Slike tilleggsfordelar er mykje nytta i marknadsføring av kredittkort.

– Ein kan ikkje gi informasjon om tilleggsfordelar større merkesemd i reklamen enn opplysningar om kva det faktisk kostar å ta opp kreditt. Det er viktig at forbrukarane får gode og tydelege opplysningar om kostnadane, slik at dei kan ta gode og gjennomtenkte val, seier Haugseth.

Varslar tilsyn til hausten

Forbrukarombodet arrangerte nyleg eit seminar for nettverk som formidlar kredittmarknadsføring, for å informere om endringane i regelverket.

– Vi forventar at bankar, finansføretak og andre aktørar følgjer dei nye reglane, og at vi vil sjå meir edruelege reklamar for kostbare forbrukslån i tida som kjem, seier Haugseth.

Ombodet vil gjennomføre tilsyn til hausten for å sjekke at dei nye reglane blir følgde.

15.09.2020

Forbrukertilsynet søker seksjonssjefer

Forbrukertilsynet søker inntil tre jurister i faste stillinger som seksjonssjefer i tilsynsavdelingen i Porsgrunn. Stillingene er nyopprettet i forbindelse med etableringen av det nye Forbrukertilsynet.