Slurvar med prisopplysningar på taksttenester

29.02.2016 — Undersøkingar utført av Forbrukarombodet og forbrukarrådgjevar Carsten Pihl i Norges Eiendomsmeglerforbund viser at mange takstmenn og takstføretak har mangelfulle prisopplysningar på sine heimesider. Forbrukarombodet krev at dei får prisinformasjon på plass.
Bildet viser et portrett av Tonje Hovde Skjelbostad, avdelingsdirektør i Forbrukertilsynet. foto

FØLGER MED:– Vi kjem til å gjennomføre eit tilsyn i løpet av 2016 for å sjekke at takstføretaka har innretta seg etterlova, seier Hovde Skjelbostad.

Marknadsføringslova stiller krav til at næringsdrivande gir prisinformasjon lett tilgjengeleg for kundane. Har takstmannen ei nettside, skal forbrukaren finne prisliste her. Formålet er at forbrukaren skal kunne samanlikne prisar, og ta fornuftige val basert på reell priskonkurranse. Likevel ser vi at mange takstføretak slurvar med prisopplysningane.

– Undersøkinga frå Carsten Pihl viser at rundt 40 % av heimesidene ikkje har prislister i det heile tatt. Dei listene som finnes er ofte mangelfulle eller vanskelege for ein forbrukar å forstå. Nokre av dei framstår som utdaterte då dei er laga fleire år tilbake i tid, seier fagdirektør Tonje Hovde Skjelbostad.

Forbrukarombodet sender no brev til bransjeorganisasjonane, med informasjon om gjeldande reglar for prisopplysningar på nett.

Forståeleg og lett synleg

For at forbrukarane skal kunne ta informerte val, er det viktig at prislister er godt synlege på nettsidene. Det er klare reglar for korleis prisane skal presenterast så forståeleg som mogleg. Varierar stykkprisen på ei teneste innafor eit bestemt intervall, skal det opplysast om høgaste og lågaste pris innanfor intervallet. Eventuelle minsteprisar skal også vere med. Alle prisar skal inkludere meirverdiavgift og offentlege avgifter.

– Vi veit at prissetting av takseringstenester kan vere utfordrande i nokre tilfelle. Mellom anna kan arbeidsmengd og tidsbruk på kvart enkelt oppdrag variere. I slike tilfelle skal føretaka på ein lett forståeleg måte vise berekning av prisane slik at forbrukar betre skal kunne vite kostnadane, seier Hovde Skjelbostad.

Varslar tilsyn

Forbrukarombodet har sendt brev til dei tre store bransjeorganisasjonane for takstmenn; NITO Takst, Norges Takseringsforbund (NTF) og Byggmestrenes Takseringsforbund (BMTF). Desse har blitt bedne om å distribuere brevet til alle medlemmar, for å sikre at  prislistene kan komme på plass så raskt som mogleg.

– Vi kjem til å gjen

nomføre eit tilsyn i løpet av 2016 for å sjekke at takstføretaka har innretta seg etterlova, seier Hovde Skjelbostad.

Forbrukarombodet har bede om ei stadfesting på at brevet blir distribuert til alle medlemmar seinast innan 14 dagar.

13.12.2018

Vi legger farlige piratkopier under juletreet

En undersøkelse om nordmenns holdninger til piratkopier viser at 24 % av oss har kjøpt piratkopierte produkter. Mange blir lurt, mens andre bevisst kjøper piratvarer. Tolletaten, Forbrukertilsynet og Patentstyret går sammen om å advare julegave-handlende nordmenn mot å kjøpe piratkopier, av alt fra elektronikk og klær til leker og kosmetikk.