Slik handterer vi klager

Forbrukartilsynet får rundt 12 000 skriftlege klager og førespurnader i året. Vi må prioritere strengt kva saker vi følgjer opp overfor næringsdrivande, slik at vi har ressursar til å ta opp sakene kor det er viktigast at vi grip inn.

Det er difor ikkje sikkert at di klage vil føre til at vi tek opp sak med firmaet du klager på. Alle klager blir likevel registrerte i arkivet vårt og er med på å danne grunnlag for kva saker vi tek opp med dei næringsdrivande. Dersom klagen din resulterer i at Forbrukartilsynet tek opp sak, vil du bli orientert om dette.

Sjå også reglane i forvaltningslova om fristar for offentleg saksbehandling.

Klager på kjøp av varer eller tenester

Har du spørsmål om kva rettar du har når du har kjøpt ei vare eller ei teneste, eller treng hjelp til å løyse ein konflikt du har med eit firma, skal du kontakte Forbrukarrådet. Meir informasjon finn du på nettsida til Forbrukarrådet.

Klage på servicen

Dersom du ikkje er nøgd med servicen vår, ber vi om at du tek kontakt med oss.