Opplyser for dårleg om hastigheit på breiband

25.10.2015 — 17 av 25 undersøkte tilbydarar av mobilt og fast breiband opplyser ikkje godt nok om kva hastigheit kunden kan forvente å få i marknadsføringa. Selskapa får no beskjed om å endre ulovleg marknadsføring.
Forbrukarombodet har nyleg sjekka marknadsføringa til 9 tilbydarar av mobilt breiband og 16 tilbydarar av fast breibandsaksess. Tilsynet avdekka at mange aktørar opplyser for dårleg om kva hastigheit kunden faktisk får når dei kjøper eit abonnement.

Utelet opplastingshastigheit

I reklamane har dei fleste tilbydarane utelate opplysningar om opplastingshastigheit.  I tillegg gir tilbydarane ufullstendig eller ingen informasjon om kva faktorar som kan avgrense hastigheita.
– Det er vanskeleg å finne fram i jungelen av marknadsføring fullasta med hastigheitspåstandar. Utan viktige opplysingar om kva hastigheit ein faktisk kan forventa å få, og kva som kan avgrensa denne, kan forbrukaren lett bli påverka til å kjøpe eit abonnement på feilaktig grunnlag, seier forbrukarombod Gry Nergård.

Tilsyn gir resultat

 Forbrukarombodet har også sjekka marknadsføringa til 19 tilbydarar av mobiltelefoni. Tilsynet viser at dei fleste tilbydarane gir betre opplysningar om hastigheit no enn ved førre tilsyn før sommaran.
– Det viser at vårt tilsynsarbeid med marknadsføringa til mobiloperatørane har gitt resultat. Sjølv om det framleis er rom for forbetring enkelte stader, ser vi at prinsippa byrjar å feste seg blant operatørane, seier Nergård.
– Det vi reagerer på er at dei same operatørane som no opplyser betre i reklame for mobiltelefoni, ikkje har teke inn over seg at dei same prinsippa gjeld i reklame for mobilt breiband og fast breibandsaksess, legg Nergård til.

Må endre marknadsføringa

Forbrukarombodet har dei siste åra arbeidd for at forbrukarane skal få alle opplysningane dei har krav på om hastigheit i  marknadsføringa, og har intensivert tilsynet med bransjen.
Av selskapa som blei sjekka i dette tilsynet får 8 tilbydarar av mobilt breiband og 9 tilbydarar av fast breibandsaksess beskjed om å endre mangelfull eller ulovleg marknadsføring.
Selskapa har fått frist til 26. oktober med å svare ombodet.
31.10.2019

Axo Finans vil rydde opp i spam-markedsføring

Axo Finans sier de vil gå gjennom sine lister med kontaktinformasjon til forbrukere, og sørge for at forbrukere som ikke har avgitt gyldig samtykke til å motta markedsføring på e-post og SMS fjernes fra listene.