Nytt tilsyn viser tendens til lokkepris

31.03.2015 — Forbrukarombodet har samanlikna antyda pris i bustadannonsar med kvadratmeterpris i aktuelle områder, og ser ein tendens til lokkeprisar på bustadmarknaden i Oslo.
BIldet viser utsikt over boliger i Oslo.

LOKKEPRIS: – Vi ser nye teikn til bruk av lokkepris i bustadannonsar i Oslo, seier forbrukarombod Gry Nergård.

Lokkepris på bustadmarknaden har vore eit heitt tema dei siste månadane, og Forbrukarombodet har følgt bustadmarknaden tett etter å ha fanga opp nye tendensar til lokkeprisar i vinter.

I februar gjennomførte ombodet eit større tilsyn med samanlikning av antyda pris og takst, på bakgrunn av tidlegare undersøkingar og retningslinjene i bransjenorma for marknadsføring av bustad. Tilsynet synte teikn til betring ved samanlikning av antyda pris og takst på bustadar i Oslo og Bergen. Men innspel frå forbrukarar og bransjeaktørar viste at problemet med lokkeprisar framleis var til stades.

I eit nytt tilsyn har ombodet difor undersøkt marknaden med nye målemetodar, noko som viser ein tendens til lokkepris i dei undersøkte bustadannonsane i Oslo.

Samanlikna med kvadratmeterpris i området

Forbrukarombodet har i det nye tilsynet samanlikna antyda pris i bustadannonsar med kvadratmeterprisar frå finn.no i dei aktuelle områda.

Ombodet undersøkte 93 annonsar for bustadar i Oslo. 66 prosent av desse hadde lågare antyda pris enn kva kvadratmeterprisen for området skulle tilseie, og avvika var i mange av tilfella på fleire hundre tusen kroner.

Lokkepristendens trass i nøktern måling

Det er mange faktorar som påverkar vurderinga av riktig pris for ein bustad. For å danne eit mest mogeleg nøkternt og korrekt bilete av marknaden har ombodet difor utelukkande tatt føre seg dei mest attraktive bustadane på marknaden.

Det er all grunn til å forvente høg kvadratmeterpris på slike bustadar. Når antyda pris i mange tilfelle er lågare enn kvadratmeterprisen i området skulle tilseie, meiner ombodet at dette tyder på bruk av lokkepris.

– Bransjenorm for marknadsføring av bustad slår fast at eigedomsmeklarar ikkje skal setje antyda pris lågare enn det eigedomen objektivt sett er verd. Samanliknbar kvadratmeterpris i nærområdet bør vere ei viktig rettesnor i denne vurderinga, seier forbrukarombod Gry Nergård.

Antyda pris må vere realistisk å selje for

Bransjenorma seier også at antyda pris ikkje skal setjast lågare enn kva seljaren på marknadsføringstidspunktet er villig til å godta. I dagens bustadmarknad er det lite truleg at eigaren av ein attraktiv treroms leilegheit sentralt i Oslo, er villig til å selje bustaden sin til ein pris som er lågare enn kvadratmeterprisen i området.

Det er meklaren si oppgåve å gje seljaren dei opplysingane han treng for å få eit realistisk bilete av kva bustaden er verd.

Forbrukarane bør også kunne forvente at meklarane byggjer prisvurderingane sine på kunnskap om marknaden og lokale forhold.

Følgjer nøye med på lokkepris vidare

Forbrukarombodet har no kontakta seks store meklarkjeder i Oslo for å orientere om dei nye funna.

– Vi oppmodar føretaka om å vere særs medvitne lokkeprisproblematikken, og om å vere tydelege overfor meklarane om plikta til å setje realistiske antyda prisar på bustadar. Vi kjem til å følgje nøye med framover, og vurderer større undersøkingar av marknaden dersom vi held fram å få tips om lokkepris, seier forbrukarombod Gry Nergård.

31.10.2019

Axo Finans vil rydde opp i spam-markedsføring

Axo Finans sier de vil gå gjennom sine lister med kontaktinformasjon til forbrukere, og sørge for at forbrukere som ikke har avgitt gyldig samtykke til å motta markedsføring på e-post og SMS fjernes fra listene.