Nye standardvilkår for straum

27.09.2016 — Straumkundane skal no få betre vilkår i straumavtalen sin. Dette vil bidra til å gjere straummarknaden enklare og tryggare for forbrukarkundar.
Bildet viser høyspentledninger. foto

OPPDATERTE VILKÅR: Dei nye vilkåra for straum er betre for forbrukarane på fleire område.

Energi Norge og Forbrukarombodet er einige om endringar i standardvilkår for straum i avtalar mellom forbrukarar og kraftleverandørar. Dei nye vilkåra er betre for forbrukarane på fleire område:

  • Alle straumkundane skal no få direkte varsel på e-post, SMS eller liknande dersom leverandøren endrar straumprisen, eller gjer andre endringar i straumavtalen.
  • For kundar som ønskjer å gå ut av fastprisavtalar eller avtalar med bindingstid, skal det no stå klart og tydeleg i vilkåra korleis selskapet bereknar kor mykje kunden må betale for dette.
  • Betalingsvilkår skal stå klart og tydeleg i avtalen. Dette er spesielt viktig i avtalar med forskotsbetaling. Modellen for berekning av kor mykje selskapet kan krevje i forskotsbetaling, skal følgje forskrift fastsatt av Noregs vassdrags- og energidirektorat.
  • Kundar på fastprisavtalar og andre avtalar som løp ut etter ei viss tid, skal sleppe å bli overført til dyr «ventestraum» frå nettselskapet.

– Kan hindre tvistar

– Dei oppdaterte vilkåra vil gjere det klarare for forbrukarane kva slags vilkår som gjeld ved kjøp av straum. Dei vil også sikre at forbrukarane får varsel om endringar i prisar og vilkår, seier juridisk direktør i Forbrukarombodet Frode Elton Haug, og legg til:
– Vi håpar dette kan styrke straummarknaden og bidra til å hindre tvistar mellom forbrukarar og straumselskap i framtida.

Enklare avtalar for alle partar

Administrerande direktør Oluf Ulseth i Energi Norge meiner endringane bidreg til enklare og meir rasjonelle avtalar både for straumkundane og leverandørane.

– Til dømes kan avtalar som går ut, vidareførast på spotpris med eit fast tillegg. Det er gunstigare både for kundane og for leverandørane. I tillegg har vi fått klare reglar for kva kundar må betale ved brot på bindingstid, seier Ulseth.

Straumselskapa skal ta dei nye standardvilkåra i bruk snarast mogleg og seinast innan 1. januar 2017. Les Forbrukarombodets brev til kraftleverandørane om nye standardvilkår.

18.10.2018

Får lovbrotsgebyr på 150 000 kroner

Forbrukartilsynet fattar vedtak om lovbrotsgebyr på 150 000 kroner mot Rørleggervakta 24vvs AS. Selskapet har villeia forbrukarar om kva slags teneste dei leverer.