Ny rettleiar for bruk av miljøpåstandar i marknadsføring

Me har oppdatert rettleiaren vår for bruk av miljøpåstandar i marknadsføring, i tråd med dei nye reglane som vil tre i kraft i 2027.

Publisert:
Oppdatert:

Nye reglar i marknadsføringslova

Direktivet om styrkt forbrukarvern i det grøne skiftet (EU) 2024/825) skal gjennomførast i norsk rett, og vil sannsynlegvis tre i kraft i Noreg i løpet av første halvår av 2027. Dei nye reglane skal mellom anna gjennomførast i marknadsføringslova, og medfører tydelegare, og i nokre tilfelle strengare krav, til bruk av miljøpåstandar og berekraftsmerke i marknadsføring mot forbrukarar.

Me har oppdatert berekraftsrettleiaren vår i tråd med dei kommande reglane, slik at de som næringsdrivande kan setja dykk inn i reglane og sørge for at de overheld krava når reglane trer i kraft. Om de følger dei nye reglane, vil praksisen dykkar også vera lovleg etter dagens regelverk.

Struktur og utforming av rettleiaren

Rettleiaren er no delt inn i følgande tema, for å gi betre oversikt og gjere det enklare å finna informasjon:

Me har også oppdatert rettleiaren med fleire eksempel, presiseringar og forenkla språk, i tillegg til oppdatert fagleg innhald. Gjennom ein endringslogg vil de kunna finna løpande, faglege oppdateringar i rettleiaren.

Se den nye rettleiaren her

 

Kva med varer som er bestilte eller produserte før dei nye reglane trer i kraft?

Fleire næringsdrivande lurer på om det vil vera tillate å selja ut varer som er produserte, bestilte eller plasserte på marknaden før dei nye reglane trer i kraft, sjølv om produkta ikkje oppfyller dei nye reglane. Forbrukartilsynet og dei andre europeiske forbrukarstyresmaktene har gått saman om ei felles tilnærming i slike situasjonar. De kan lesa uttalen på EU-kommisjonens nettsider her

Næringsdrivande har hatt god tid på seg til å gjera tiltak for å kunna følga reglane når dei trer i kraft. Næringsdrivande burde vere kjent med at dei nye reglane er vedtatte i EU og skal gjennomførast i Noreg. Lovforslaget vart sendt på høyring i juni 2025.

Utgangspunktet er derfor at alle varer må oppfylla dei nye krava fullt ut frå og med den datoen dei nye reglane trer i kraft. Om me bestemmer oss for å undersøka ei sak etter dei nye reglane, kjem me likevel til å ha ei pragmatisk tilnærming til enkelte situasjonar der varer som er bestilte, produserte eller plasserte på marknaden før dei nye reglane trer i kraft ikkje tilfredsstiller dei nye krava til miljøpåstandar og berekraftsmerke på grunn av legitime utfordringar. Grunnen til det er at det i somme tilfelle kan vera urimeleg og uforholdsmessig for den næringsdrivande å innretta seg og oppfylla krava for slike varer.

Heilt konkret vil me ikkje prioritera å gi reaksjonar eller sanksjonar ved brot på dei nye reglane, viss alle desse kriteria er oppfylte:

  1. Grunnen til at varene ikkje oppfyller dei nye krava, er at dei blei produsert i god tid før dei nye reglane tredde i kraft.
  2. Alternativa for den næringsdrivande til å sørga for at varene følger dei nye krava, ville vore urimelege og uforholdsmessige. Dette kan til dømes vera tilfellet viss alternativet er ein uforholdsmessig kostnad eller unødvendig ulempe for miljøet eller andre samfunnsomsyn. Dersom det er praktisk mogleg og ikkje ein uforholdsmessig kostnad å til dømes manuelt setja eit klistremerke over påstandar eller merke som er ulovlege etter det nye regelverket, må den næringsdrivande gjera dette. Då er ikkje dette kriteriet oppfylt.
  3. Den næringsdrivande har vurdert og sett i gang tiltak for å innrette seg etter dei nye reglane i god tru og i god tid før reglane tredde i kraft.
  4. Det forholdet som er eit lovbrot etter nye reglar, må oppfylla krava etter regelverket som gjaldt før dei nye reglane tredde i kraft.

Ta kontakt om de har innspel

Vi tilrår alle næringsdrivande som bruker miljøpåstandar og berekraftsmerke i marknadsføringa si til å setja seg godt inn i rettleiaren, og sørge for å følga krava. Vi vil regelmessig oppdatera rettleiaren når vi får nye avklaringar. Om de likevel ikkje finn svar på det de lurer på i rettleiaren, kan de gjerne ta kontakt på Min side og fortelje oss kva de saknar i rettleiaren.