Ny nettstad skal styrke forbrukarvernet over landegrensene

03.07.2017 — Det internasjonale forbrukarnettverket ICPEN lanserte nyleg ein ny nettstad. Målet med nye icpen.org er å gjere det enklare for forbrukarmyndigheitene å få bukt med grenseoverskridande forbrukarproblem.
BIldet viser en skjermdump av nettsiden icpen.org. Her kan man se noen illustrasjonsbilder, blant annet av en gruppe mennesker og noen som tar hverandre i hendene.

NYTTIG VERKTØY: Medlemslanda i ICPEN har gått saman om nye icpen.org. Plattformen vil gjere det enklare å stanse ulovleg praksis over landegrensene. (FOTO: Skjerdump www.icpen.org.)

The International Consumer Protection and Enforcement Network (ICPEN) er et internasjonalt samarbeidsnettverk for forbrukarmyndigheitene i rundt 60 land.

Forum for effektiv handheving

Storleiken på ICPEN-nettverket og den geografiske spreiinga gir nettverket betydelege musklar til å kjempe imot ulovleg marknadsføring og handlespraksis. Internasjonalt samarbeid blir stadig viktigare når meir og meir av handelen skjer digitalt og over landegrensene.

Når ICPEN i dag lanserar ein ny, praktisk nettstad er formålet å styrke det internasjonale forbrukarvernet ytterlegare. Icpen.org er finansiert som eit spleiselag mellom forbrukarmyndigheitene i medlemslanda, og skal fungere som eit sikkert forum og ei verktøykasse.

Gjennom nettstaden kan medlemslanda samarbeide om å handheve reglar om ulovleg marknadsføring og forbrukarvern. I tillegg vil nettstaden vere ei viktig kjelde for fagleg input.

Sikre forbrukaranes tryggleik

– I ein stadig meir global økonomi er det viktig å sikre forbrukaranes tryggleik på tvers av landegrensene. Eit effektivt forum for samarbeid og kunnskapsdeling er viktig for å kunne slå ned på ulovleg åtferd som påverkar forbrukarar over heile verda, seier forbrukarombod Elisabeth Lier Haugseth.

Forbrukarar som ønskjer å lese nyttig forbrukarstoff eller klage på ein aktør med internasjonal verksemd, men som ikkje veit heilt kor han eller ho skal få hjelp, vil også ha nytte av den nye nettstaden til ICPEN.

Lanseringen av den nye nettstaden markerar slutten på ICPENs tyske presidentskapsår og overgangen til ICPENs presidentskap i Tyrkia

13.12.2018

Ikke legg farlige piratkopier under juletreet

En undersøkelse om nordmenns holdninger til piratkopier viser at 24 % av oss har kjøpt piratkopierte produkter. Mange blir lurt, mens andre bevisst kjøper piratvarer. Tolletaten, Forbrukertilsynet og Patentstyret går sammen om å advare julegave-handlende nordmenn mot å kjøpe piratkopier, av alt fra elektronikk og klær til leker og kosmetikk.