Nettbutikkar opplyser ikkje godt nok om forbrukarane sine rettigheitar

31.01.2020 — Forbrukartilsynet har saman med andre europeiske forbrukarmyndigheter gjennomgått nettbutikkar for å sjekke i kva grad dei gir forbrukarane informasjon om deira rettigheitar.
Bildet viser en mann som holder et kredittkort for å taste inn kortnummeret på en datamaskin.

FOTO: Rupixen/Unsplash

Tilsynet blei gjennomført i 27 land, og der vart det sjekka om 500 nettbutikkar ga lovpålagde opplysningar om blant anna levering, angrerett, reklamasjon og klageåtgang. Resultatet viser at 2/3 av nettbutikkane ikkje overheld europeisk lovgiving.

I det felleseuropeiske regelverket heitar det at alle forbrukarar skal få klar, riktig og forståelig informasjon om levering, angrerett, reklamasjon og kva ein skal gjere viss det oppstår ein konflikt med ein næringsdrivande.

– Vi handlar meir og meir på nett, og mye av handelen skjer på tvers av landegrensene. Da er det viktig at nettbutikkane informerer tydelig om kva rettigheitar man har som forbrukar dersom man ikkje er nøgd med det man har kjøpt, seier Frode Elton Haug, juridisk direktør i Forbrukartilsynet.

Må informere betre om angrerett

Gjennomgangen Forbrukartilsynet gjennomførte viste at 16 av dei 17 nettbutikkane tilsynet sjekka ikkje gjer forbrukarane all informasjon dei har krav på. Dei aller fleste informerte ikkje om kvar og korleis forbrukaren kan klage dersom det oppstår eit problem som ikkje løyser seg etter dialog med nettbutikken. Alle nettsidene som blei sjekka opplyser om retten forbrukarane har til å angre på eit kjøp, men ikkje alle gir fullstendig eller korrekt informasjon om vilkåra og framgangsmåten for å nytte seg av den.

– Nettbutikkane vi har sjekka er flinke til å informere om at forbrukarane har angrerett, men må informere betre om korleis ein kan nytte seg av denne retten, seier Haug.

Forbrukartilsynet har sendt brev til 15 norske nettbutikkar og bedt dei sørge for at dei oppfyller krava. Tilsynet har også sendt klage på ein utanlandsk nettbutikk til forbrukarmyndigheitene i landet der firmaet som driv butikken er etablert.

– Vi har tett samarbeid med myndigheitene i andre EU/EØS-land for å sikre at forbrukaranes rettigheitar også blir respektert når dei handlar frå nettbutikkar som ikkje er registrert i Noreg, seier Haug.

Les EU-kommisjonens pressemelding her.

03.07.2020

Forbrukertilsynet flytter til Porsgrunn

I forbindelse med omorganiseringen av forbrukerapparatet har regjeringen bestemt at hovedkontoret til Forbrukertilsynet skal være lokalisert i Grenland fra 2021. Etter å ha vurdert flere lokaler i både Skien og Porsgrunn, er det nå fattet en beslutning om å flytte inn i kontorlokaler i sistnevnte.