Meklarkjeda Marton villeiar om fastpris

27.11.2017 — Eigedomsmeklarkjeda Marton marknadsfører fastpris og «alt inkludert». Men tilstandsrapport og visning er ikkje ein del av fastprisen. Forbrukarombodet krev at tenesta endrar marknadsføringa.
Bildet viser en stue sett gjennom en døråpning. Stua er lys med en grå sofa og et bord.

Fastprisen til meklarkjeda Marton inkluderer ikkje tilstandsrapport og meklar på visning. FOTO: pixabay.com

«En ny generasjon eiendomsmegler» seier reklamen for eigedomsmeklarselskapet Marton. Selskapet lovar ein fast pris på 25 000 kroner der alt som krevjast for å selje bustaden er inkludert. Problemet er berre at alt slett ikkje er inkludert.

Dersom bustadseljaren vil ha ein tilstandsrapport må ho kjøpe eigarskifteforsikring. Og visningar må seljaren stå for sjølv.

Klart anbefalt

Sjølv om ei teknisk vurdering av boligens tilstand ikkje er eit krav for å selje bustad blir fleirtalet- og stadig fleire brukte bustader i Noreg selt med ein eller anna form for tilstandsrapport, og dei fleste vil difor forvente at dette er inkludert i ein fastpris der «alt er inkludert».

I tillegg er det klart anbefalt å gjere ein grundig teknisk gjennomgang av bustaden ved sal, for å bidra til ein meir opplyst bustadhandel.

– At dette ikkje er inkludert, men noko som medfører ein ekstra kostnad, er difor ei vesentleg opplysning som må komme klart fram i reklamen, seier avdelingsdirektør i Forbrukarombodet Tonje Hovde Skjelbostad.

Visningar utan meklar

Det same gjeld for visningar med meklar; påstanden om at alt er inkludert vil også gi forbrukarane ei forventning om at meklar vil halde visningane.

–Det er ikkje tilstrekkeleg at denne typen informasjon leggast eit klikk unna, eller slik at forbrukaren må scrolle ned på nettsida, seier Skjelbostad.

Ombodet har bedt selskapet om å endre marknadsføringa så snart som praktisk mogleg og seinast innan 1. desember.

 

18.02.2019

Svindel med IQ-tester – Innbetalinger blir blokkert

Forbrukertilsynet gikk i desember ut og rådet forbrukere til ikke å betale for IQ-tester som ble markedsført på Snapchat og Facebook. AG Finans truer nå de som ikke har betalt med advokat og søksmål, men dette er tomme trusler.