
MEIR FØRESEIELEG: Forbrukarombodet håper NEF sin kontraktsmal for nybygg vil gjøre overtakingsprosessen for prosjekterte bustader enklare og tryggare for forbrukarane.
Å kjøpe ein bustad kan vere både dyrt og tidkrevjande. For mange forbrukarar har det blitt ein ekstra strevsam affære å kjøpe ny, prosjektert bustad, fordi enkelte prosjektmeklarar har operert med uklare overtakingsfristar.
Lettare å planleggje
Denne veka lanserte Norges eiendomsmeglerforbund (NEF) ein ny kontraktsmal for bustadar under oppføring som dei tilrår medlemmane å ta i bruk. Malen gir bustadkjøparar meir føreseielege overtakingsfristar enn ein har sett at nokre meklarar har operert med i det siste.
– For å kunne leggje ein økonomisk og praktisk plan for bytte av bustad er det viktig at forbrukarane har ein bindande overtakingsfrist så tidleg i byggjeprosessen som mogleg. Med ein førehandsbestemt frist blir det også enklare å krevje inn dagsmulkt om den prosjekterte bustaden blir forseinka, seier fungerande forbrukarombod Bente Øverli.
Anbefaler å bruke kontrakten
Tanken bak den nye kontraktsmalen er at han skal vere enkel å forstå for alle partar, og dermed forhindre potensielle tvistar. Forbrukarombodet har delteke i arbeidet med utforminga, og tilrår alle prosjektmeklarar å ta han i bruk.
– I store bustadsprosjekt vil det oppstå ein ubalanse mellom kjøparen og seljaren. Den enkelte forbrukaren er ikkje i ein posisjon til å forhandle om fristar eller påverke framdrifta. Nettopp difor er det viktig med forbrukarvennlege kontraktar, som gir kjøparane god oversikt over avtalen dei inngår, meiner Øverli.
- Les meir og finn kontraktsmal på NEF sine heimesider.
Forbrukarombodet vil i løpet av året ta ein gjennomgang av kontraktane prosjektmeklarane nyttar, for å sjå om dei er i samsvar med lova.