Marknadsførar forbrukslån som eigenkapital

28.09.2017 — Collector Bank og kredittguiden.com lokkar forbrukarane til å finansiere draumebustaden med forbrukslån som eigenkapital. Ulovleg, meiner Forbrukarombodet.
Skjermbilete av ein reklame fra Collector bank

Collector Bank gir inntrykk av at forbrukslån til eigenkapital er eit reelt alternativ for den jamne forbrukar. Det er det ikkje, seier forbrukarombod Elisabeth Lier Haugseth. (FOTO: Skjermbilete)

«Funnet drømmehjemmet? Med Collectorlånet kan du låne til hele eller deler av kontantinnskuddet», seier reklamen for Collector Bank AB på Hegnar.no og på Collector si eiga heimeside. Kredittgudien.com markandsførar óg at ein kan låne heile eller delar av eigenkapitalen til ein bustad med forbrukslån.

Forbrukarombodet meiner reklamane bryt med god forretningsskikk og er ulovleg.

Omgåing av reglane

Personar på bustadjakt må normalt stille med 15 prosent av bustadprisen i eigenkapital for å kunne få innvilga eit bustadlån. Krava har som føremål å hindre at kundane tek opp for store lån. Dette er reglar både forbrukaren, banken og det finansielle systemet som heilhet er tent med.  Å bruke eit usikra forbrukslån som eigenkapital til bustad er etter ombodets syn ei openbar omgåing av desse reglane.

– Dette er ikkje berre ein måte å omgå reglane for forsvarleg utlånspraksis. Det vil i tillegg gjere den økonomiske situasjonen for forbrukarane meir utsett enn om dei hadde fullfinansiert bustaden med bustadlån, seier forbrukarombod Elisabeth Lier Haugseth.

Les også: Strammar inn på kredittmarknadsføring

Må ljuge om finansieringskjelda

Forbrukslån som eigenkapital vil heller ikkje vere eit reelt alternativ for forbrukarane.

– I reklamen gir låneformidlarane inntrykk av at dette er eit reelt alternativ for den jamne forbrukar. Men viss ein forbrukar skal kunne lukkast med å få godkjent eit forbrukslån som eigenkapital, må dei normalt ljuge om finansieringskjelda til banken sin, seier Haugseth.

Forbrukarombodet meiner difor at reklamane bryt med god forretningsskikk overfor forbrukarane.

Ombodet ber Collector og kredittgudien.com om å fjerne reklamen med ein gong. Bankane må også gi ei tilbakemelding til ombodet innan 3. oktober.

 

03.12.2019

Tannleger i utlandet villeier om prisar 

Tannlegebehandlingar i utlandet er populært, men fleire forbrukarar opplever at marknadsføringa kring tilboda er uoversiktlige og upresise. Forbrukartilsynet ber no bransjen ta grep.