Må betale 800 000 kroner for villeiande rabattar

30.09.2016 — Medlemmane av Anton Club blei lova 20 prosent rabatt på nye sykkelmodellar. Men selskapet kunne ikkje dokumentere at prisavslaget var reelt. No må Mobo Sportsholding AS betale 800 000 i tvangsmulkt.
Bildet viser en PC som har oppe hjemmesiden til Anton Sport

IKKJE SAL: Anton Sport kunne ikkje dokumentere at førprisane for fem av sykkelmodellane som var på sal var reelle. Bilde viser ikkje den aktuelle kampanjen.

Det var i fjor haust at sportskjeda Anton Sport i eit nyheitsbrev lova kundane 20 prosent rabatt på neste års sykkelmodellar frå Cannondale. Men eigarselskapet Mobo Sportsholding kunne ikkje dokumentere at førprisane for fem av sykkelmodellane som var på sal var reelle.

Kan ikkje kallast eit sal

Mobo Sportsholding har forklart at dei fem aktuelle 2016-modellane som var omfatta av kampanjen hadde same yting som 2015-modellane. Salet av 2015-modellane måtte  difor kunne danne eit grunnlag for ein reell førpris av dei nye syklane, meinte selskapet.

Dette er Forbrukarombodet ueinige i. Utgåande årsmodellar vil av fleire årsaker ha ein lågare marknadsverdi når sesongen er på hell. I tillegg var berre to av dei fem Cannondale-syklane selde i seksvekesperioden før kampanjen.

– Når ein marknadsfører eit prisavslag, skal det alltid eksistere ein reell førpris. Berre då kan kundane vere sikker på at ein rabatt er ein rabatt, seier Jo Gjedrem som er fagdirektør i Forbrukarombodet.

– Den næringsdrivande må altså kunne vise til eit visst sal av varen i perioden før salet, poengterer han.

Frå forbodsvedtak til tvangsmulkt

I 2013 fatta Forbrukarombodet eit forbodsvedtak mot Mobo Sportsholding AS for ulovleg salsmarknadsføring. Vedtaket forbyr selskapet å på ny nytte uttrykk i marknadsføringa som gir inntrykk av at prisane på ein eller fleire enkeltvarer er satt ned, dersom dei faktisk ikkje er det. Det blei fastsett ei tvangsmulkt, altså eit beløp dei må betale om dei gjer den same feilen igjen. Mulkta var på 800 000 kroner.

Sykkel-kampanjen til Anton Club-kundane er eit brot på vedtaket frå 2013. Mobo Sportsholding må difor betale 800 000 kroner i tvangsmulkt. Selskapet kan klage på vedtaket til Marknadsrådet innan tre veker.

07.08.2019

Arendalsuka 2019 – Kroppspress i sosiale medier

Forbrukertilsynet arrangerer debatt om kroppspress i sosiale medier sammen med Medietilsynet og Barneombudet på Arendalsuka i år! Med oss har vi flere viktige og interessante stemmer. Hold av tidspunktet!