Må betale 175 000 for nettkasino-spam

20.02.2017 — Selskapet Mobajl AB sendte i fjor haust ut ulovleg SMS-reklame for nettkasinoet LeoVegas til over 90 000 forbrukarar. Selskapet må no betale eit lovbrotsgebyr på 175 000 kroner for brot på marknadsføringslova.
Bildet viser en mobil med en SMS med reklame for LeoVegas.

REKLAME PÅ MOBILEN: Det var denne SMS-en som rundt 70 forbrukarar klaga på til Forbrukarombodet i fjor. FOTO: Skjermdump.

Forbrukarombodet fekk 70 klagar frå forbrukarar som hadde fått reklame på mobilen for nettkasinoet Leo Vegas.

Avsendaren var nettenesta MrDeal, som det svenske selskapet Mobajl AB står bak. Det skal ha blitt sendt ut cirka 90 000 meldingar til norske forbrukarar. Mange av forbrukarane fekk SMS-reklamen fleire gonger på kort tid.

Marknadsføringslova forbyr utsending av reklame på SMS dersom mottakaren ikkje har takka ja til slik marknadsføring.

Ikkje samtykke

Mobajl hevdar at forbrukarane har delteke i ein konkurranse på nettet kor dei har takka ja til SMS-reklame frå dei. Forbrukarane som ombodet har vore i kontakt med seier på si side at dei ikkje kjenner til denne konkurransen.

Ombodets konklusjon er at selskapet ikkje kan sannsynliggjere at forbrukarane har takka ja til å ta imot reklamen. Forbrukarombodet har difor skrive ut eit lovbrotsgebyr på 175 000 kroner for brot på marknadsføringslova.

Kan klage på vedtaket

– Næringsdrivande skal vere heilt sikre på at dei har sitt på det tørre før dei sender ut SMS-reklame. Det er viktig å sikre forbrukaranes rett til sjølv å bestemme om dei vil ha reklame på mobilen, seier forbrukarombod Elisabeth Lier Haugseth.

Mobalj kan klage på vedtaket til Marknadsrådet. Fristen for dette er tre veker frå vedtaket ble sendt ut.

10.08.2020

Politiet henlegger Forbrukertilsynets anmeldelse av XXL

Forbrukertilsynet politianmeldte i januar sportskjeden etter at det ble avdekket at ansatte hadde foretatt fiktive kjøp for å skjule bruk av villedende førpriser. Nå har politiet henlagt anmeldelsen på grunn av kapasitetshensyn.