FOV-2010-623: Nuform AS

Den 5. januar 2010 fatta Marknadsrådet følgjande vedtak: "Nuform og Kjell Nødtvedt i markedsføringen av produktet Nushape eller produkter med tilsvarende ingredienser som Nushape, forbys å benytte formuleringer som 1) angir at produktet har slankende effekt/betydelig slankende effekt uten at det er nødvendig å foreta endring av matvaner eller mosjon, og liknende formuleringer; 2) angir at det foreligger vitenskaplig dokumentasjon på at produktet bidrar til vesentlige og varige vektreduksjoner, eller liknende formuleringer; 3) unnlater å opplyse på en klar og tydelig måte om behovet for å følge ledsagende slankeprogram, herunder opplysninger om aktiv medvirkning i form av reduksjon av kaloriinntak og mosjon"

VEDTAK OM BETALING AV TVANGSMULKT – MFL. § 42 TREDJE LEDD MOT

Nuform AS, Ytrebygdsvegen 37, 5251 Søreidgrend

Saksnr.: 10/623 (jf. Sak 09/1221)

1. Saka

Den 5. januar 2010 fatta Marknadsrådet følgjande vedtak:
“Nuform og Kjell Nødtvedt i markedsføringen av produktet Nushape eller produkter med tilsvarende ingredienser som Nushape, forbys å benytte formuleringer som
1) angir at produktet har slankende effekt/betydelig slankende effekt uten at det er nødvendig å foreta endring av matvaner eller mosjon, og liknende formuleringer;
2) angir at det foreligger vitenskaplig dokumentasjon på at produktet bidrar til vesentlige og varige vektreduksjoner, eller liknende formuleringer;
3) unnlater å opplyse på en klar og tydelig måte om behovet for å følge ledsagende slankeprogram, herunder opplysninger om aktiv medvirkning i form av reduksjon av kaloriinntak og mosjon”

Til forbodsvedtaket vart det knytt ei tvangsmulkt på kr. 400.000 for selskapet, og kr. 150.000 for dagleg leiar som blir utløyst ved brot på vedtaket.

Forbrukarombodet har blitt gjort merksam på at Nuform ved marknadsføring av produktet Reduxin i Danmark, har brote Marknadsrådets vedtak.

2. Forbrukarombodets saksbehandling

Forbrukarombodets vedtak av 14. juli 2009 vart med enkelte presiseringar stadfesta av Marknadsrådet i vedtak av 5. januar 2010.

Forbrukarombodets saksbehandling i den opphavlege saka går fram av Forbrukarombodets vedtak med vedlegg av 14. juli 2009, samt Marknadsrådets vedtak av 5. januar 2010.

Gjennom danske medium vart Forbrukarombodet i mars 2010 gjort merksame på at Nuform marknadsførte produktet Reduxin i Danmark, mellom anna på nettsida: www.nuform.nu/dk.

Det går fram av marknadsføringa av produktet Reduxin at det dreier seg om eit produkt med same virkestoff som produktet Nushape inneheldt; phaseolus vulgaris (kvite hagebønner). Etter Forbrukarombodets vurdering er det tale om det same produktet under nytt namn, og dette har heller ikkje blitt bestride av Nuform.

Etter Forbrukarombodets vurdering dreidde det seg om brot på Marknadsrådets vedtak ved denne marknadsføringa i Danmark. Det vart difor varsla i brev av 4. mars 2010 om at det ville bli fatta vedtak om betaling av tvangsmulkt for brot på Marknadsrådets vedtak av 5. januar 2010, dersom ikkje all marknadsføring av produkt med dette virkemidlet vart fjerna innan 15. mars 2010. Same frist var sett for å komme med eventuelle kommentarar. Dagleg leiar Kjell Nødvedt vart varsla særskilt.

På vegne av Nuform og Kjell Nødtvedt kom advokatfirmaet Grahl-Madsen den 9. mars med tilbakemelding på ombodets varsel om vedtak. Av tilbakemeldinga gjekk det fram at Nuform var innstilt på å rette seg etter ombodet dersom dei etter ein eigen gjennomgang fann at marknadsføringa var i strid med dansk lovgjeving. Det vart opplyst om at Nuform hadde sett i gang utgreiing av tilhøvet til dansk rett og at selskapet på grunn av dette trengte utsett frist til tilbakemelding og eventuell stans av marknadsføringa til 1. april 2010.

Forbrukarombodet godtok Nuform si oppmoding om utsett svarfrist og frist for å etterkomme Forbrukarombodets krav.

Forbrukarombodet tok på same tid kontakt med den danske Forbrugerombudsmanden for å få ei vurdering av marknadsføringa av Reduxin opp mot dansk materiell rett.

Forbrukarombodet fekk den 26. mars ei orientering frå Forbrugerombudsmanden i Danmark om at vår førespurnad var sendt over til Fødevareregion Øst som rette vedkommande til å handsame saka.

Då Forbrukarombodet den 6. april, 5 dagar etter utvida svarfrist, enda ikkje hadde motteke tilbakemelding frå Nuform tok sakshandsamar hos Forbrukarombodet kontakt med advokat Christian Grahl-Madsen. I telefonsamtalen vart det uttrykt at tilbakemelding ville komme i løpet av dagen.

Forbrukarombodet mottok 6. april e-post frå Grahl-Madsen der det vart vist til link til ny dansk annonsetekst. Teksten vart endra og ifølgje advokaten var den ikkje lengre i strid med Marknadsrådets vedtak. Advokaten la til grunn at teksten slik den på dette tidspunkt var utforma ikkje gav grunnlag for inngrep frå ombodets side.

Den 6. april fekk Forbrukarombodet igjen e-post frå Sandie Larsen hjå Monday Media der det vart lagt ved annonser for Reduxin. Reduxin vart i reklamen framleis marknadsført med slankande effekt i strid med Marknadsrådets vedtak.

På bakgrunn av tilbakemeldinga frå advokaten  og e-post frå Monday Media i Danmark orienterte ombodet den 8.april om at vi seinast 6. april hadde blitt gjort merksame på marknadsføring som framleis var i strid med vedtaket. Ombodet orientert òg om at det ville måtte vurderast om denne marknadsføringa ville utløyse plikt til å betale tvangsmulkta for brot på Marknadsrådets vedtak.

Advokaten orienterte om at Nuform skulle “tråle” nettet etter linkar med innhald i strid med Marknadsrådets vedtak, og ba også om at ombodet sendte over linkar til slik marknadsføring.

Forbrukarombodet sendte over diverse linkar med marknadsføring av Reduxin.

12. april fekk Forbrukarombodet på ny oversendt frå Monday Media diverse linkar og printscreen med marknadsføring av produktet Reduxin.

Forbrukarombodet mottok frå Kosttilskuddsgruppen hos Fødevarestyrelsen i Danmark deira vurdering av dei to marknadsføringstiltaka av Reduxin. Marknadsføringa vart vurdert etter Forordning om ernærings- og sundhedsanprisninger af Fødevarer (Europa-Parlamentets og Rådets forordning (EF) Nr. 1924/2006 af 20. desember 2006 om ernærings- og sundhedsanprisninger af fødevarer.)

Fødevarestyrelsen konkluderte med at marknadsføring av 16. oktober 2009 var i strid med Forordninga artikkel 13 og artikkel 12. Marknadsføringa som vart oppdatert 29, mars 2010 konkluderte Fødevarestyrelsen med at ikkje var i strid med dei nemnde føresegnene i Forordninga fordi det ikkje lengre vart nytta påstandar om produktets slankande effekt.

Den 19. april mottok ombodet eit nytt brev frå Fødevarestyrelsen som inneheldt ei presisering av brevet av 13. april. Fødevarestyrelsen viser til at marknadsføringa er omfatta av reglane i Forordning om ernærings- og sundhedsanprisninger af fødevarer. Etter ei nærare vurdering av marknadsføringa frå Nuform oppdatert 29. mars konkluderar dei no med at Reduxin etter ei heilskapsvurdering blir marknadsført med slankande verknad i strid med Forordninga artikkel 13 og 12.

3. Forbrukarombodet si rettslege vurdering av saka

3.1 Mfl. § 42 – vedtak om tvangsmulkt

Mfl. § 42 slår i første ledd fast at det skal fastsetjast ei tvangsmulkt som den som vedtak rettar seg mot skal betale dersom vedkommande bryt vedtaket.

Det aktuelle vedtaket er Marknadsrådets vedtak av 5. januar 2010 som har følgjande ordlyd:
“Nuform og Kjell Nødtvedt i markedsføringen av produktet Nushape eller produkter med tilsvarende ingredienser som Nushape, forbys å benytte formuleringer som
1) angir at produktet har slankende effekt/betydelig slankende effekt uten at det er nødvendig å foreta endring av matvaner eller mosjon, og liknende formuleringer;
2) angir at det foreligger vitenskaplig dokumentasjon på at produktet bidrar til vesentlige og varige vektreduksjoner, eller liknende formuleringer;
3) unnlater å opplyse på en klar og tydelig måte om behovet for å følge ledsagende slankeprogram, herunder opplysninger om aktiv medvirkning i form av reduksjon av kaloriinntak og mosjon”

Vidare vart Forbrukarombodets vedtak av 14. juli 2009 for øvrig stadfesta, med følgjande ordlyd:
“Nuform AS skal betale kr. 400.000 – firehundretusen – dersom firmaet bryt eller medverkar til brot på dette vedtaket”.

Seinast den 12. april vart produktet framleis marknadsført med påstandar om slankande effekt (sjå vedlegg 17).

Marknadsføringa av produktet den 12. april viser mellom anna at det ligg føre dokumentasjon på at produktet bidreg til vesentlege og varige vektreduksjonar, samt at det blir angitt at produktet har slankande effekt utan at det er nødvendig å foreta endringar av matvanar eller mosjon medan ein nyttar Reduxin. Dette går fram mellom anna av formuleringar som dette:
– “tab 8-16 kg på 2 måneder”
– “Reduxin blokerer 65% af stivelsen i brød, kartofler, ris og pasta og giver dokumenteret vægttab på mindst 3 kg kropsfedt per måned”.
– “Nyt slankeprodukt slår knokcout på dit mavefedt”
– “I motsætning til de mange slankepiller på markedet er Reduxin et helt naturlig kosttilskud hvor man langsomt øger sin fedtforbrænding.”
– “Nu er det slut med sultekure, benhård fysisk træning, kostomlægning eller ligefrem fysiske operationer. Der andre veje i mål.”

Etter dette er det Forbrukarombodets vurdering at Nuform ved denne marknadsføringa har marknadsført produktet Reduxin i strid med Marknadsrådets vedtak av 5. januar 2010.

Etter mfl. § 42 første ledd er plikta til å betale tvangsmulkt som fastsett i vedtaket utløyst.

3.2 Mfl. § 4 andre ledd

Marknadsføringslova § 4 angir lovas stadlege virkeområde. Utgangspunktet er at lova gjeld for handlingar som er retta mot norske forbrukarar. Av regelens andre ledd går det imidlertid fram at med unntak av kapittel 6 (om næringsdrivande interesser) gjeld marknadsføringslova òg for handlingar som har verknad i utlandet, når dei er ulovlege også etter lovgjeving i landet der handlingane har verknad.

I ot.prp.nr. 55 (2007-2008) s. 190 om mfl. § 4 er det presisert at “annet ledd innebærer at Forbrukerombudet og Markedsrådet kan fatte vedtak mot norske næringsdrivendes ulovlige handlinger og vilkår som rammer utenlandske forbrukere. Forutsetningen er at tiltaket er ulovlig både etter de materielle reglene i markedsføringsloven og i lovgivningen i landet der tiltaket har virkning”.

På side 38 og 214 går det vidare fram at det er eit bevisst val frå lovgjevars side å gi ein meir direkte heimel til å sanksjonere ovanfor norske næringsdrivande som rettar ulovleg verksemd mot utanlandske forbrukarar. Departementet grunngir dette på side 38 med at dei ikkje ser det “som beskyttelsesverdig at norske næringsdrivende skal kunne unnlate seg forfølgning i disse tilfellene, alene på grunn av at det er utenlandske og ikke norske forbrukere som rammes”. Dette synspunktet er òg ein føresetnad som ligg til grunn for EU forordninga om administrativt samarbeid mellom handhevingsmakter på forbrukarområdet som Forbrukarombodet er forplikta til å følgje.

Vilkåra for å fatte vedtak om betaling av tvangsmulkt for marknadsføring utført av Nuform i Danmark er altså at marknadsføringa er i strid med den norske marknadsføringslova, i tillegg til at marknadsføringa må vere i strid med dansk lovgjeving. I tillegg går det fram av proposisjonen s. 190 at det på vanleg måte vil vere eit vilkår for å fatte vedtak at inngrep tilseiast av omsyn til forbrukarane.

I førearbeida blir den generelle formuleringa “vedtak” nytta og heimelen til å fatte vedtak etter marknadsføringslova er heller ikkje er avgrensa til å gjelde forbods- og påbodsvedtak og vedtak om lovbrotsgebyr i §§ 40, 41 og 43. Samanhalde med at høvet til å utlyse tvangsmulkt ved brot på vedtak er eit viktig verkemiddel for å handheve lova på ein effektiv måte, må heimelen etter Forbrukarombodets vurdering òg omfatte vedtak om betaling av tvangsmulkt for brot på rettskraftige vedtak.

3.2.1 Brot på norsk materiell lovgjeving

Marknadsrådet har stadfesta Forbrukarombodets vedtak med enkelte presiseringar der dei konkluderar med at Nuforms marknadsføring av Nushape var i strid med marknadsføringslova § 6, jf. 7 første ledd bokstav b, jf. § 3 andre ledd.

Marknadsføringa av Reduxin slik den framstod per 12. april 2010 på danske nettsider er etter ombodets vurdering på same måte villeiande og i strid med mfl. § 6, jf. 7 første ledd bokstav b, jf. § 3 andre ledd.

Vilkåret om at marknadsføringa må vere i strid med norsk lovgjeving er etter dette oppfylt.

3.2.2 Brot på lovgjeving i landet der tiltaket har verknad

Det er vidare ein føresetnad for at ombodet skal kunne fatte vedtak mot norske næringsdrivandes handlingar som rammar utanlandske forbrukarar at tiltaket er ulovleg etter lovgjevinga i landet der tiltaket har verknad.

I førearbeida til mfl. § 4 andre ledd side 190 er det presisert at “for å avklare om at forhold er ulovlig etter utalandsk rett, kan det være nødvendig for Forbrukerombudet å innhente en vurdering frå utenlandske myndigheter e.l.”

Reglane i marknadsføringslova kapittel 2, under dette mfl. §§ 6 og 7, gjennomførar direktivet om urimeleg handelspraksis som er eit totalharmoniseringsdirektiv. Direktivet er totalharmonisert på EØS-nivå, noko som medførar at dei same materielle reglane i utgangspunktet òg gjer seg gjeldande i Danmark. I Ot.prp. nr. 55 (2007-2008) s. 17 går det for øvrig òg fram at den danske marknadsføringslova inneheld eit forbod mot villeiande og utilbørleg marknadsføring.

Forbrukarombodet har i saka tatt kontakt med den danske Forbrugerombudsmanden for å få ein kommentar til marknadsføringa opp mot dansk lovgjeving. Då henvendelsen gjaldt kosttilskott vart Forbrukarombodets henvendelse sendt vidare til Fødevarestyrelsen i Danmark, som tilsvarar det norske Mattilsynet.

Fødevarestyrelsen konkluderte etter ei heilskapsvurdering av marknadsføringa av Reduxin (sjå vedlegg 18 og 19) med at denne var i strid med “Forordning om ernærings- og sundhedsanprisninger at Fødevarer” artikkel 13 første ledd bokstav c, då påstandane om slankande effekt ikkje kan dokumenterast. Det vart òg konkludert med at marknadsføringa, fordi den inneheld angivelse av hastighet eller omfang av vekttapet, er i strid med “Forordning om ernærings- og sundhedsanprisninger at Fødevarer” artikkel 12 første ledd bokstav b.

Når påstandande om slankande effekt ikkje kan dokumenterast, samt at det blir angitt hastighet og omfang av vekttapet, er marknadsføringa å sjå på som ulovleg etter “Forordning om ernærings- og sundhedsanprisninger at Fødevarer” i Danmark.

Vilkåret om at marknadsføring må vere i strid med lovgjevinga i landet der tiltaket har verknad er òg oppfylt.

3.3.3 Forbrukaromsyn – mfl. § 34 andre ledd

Det blir i Ot.prp. nr. 55 (2007-2008) s. 190 presisert at det på vanleg måte vil vere eit vilkår for å fatte vedtak at inngrep tilseiast av omsyn til forbrukarane. Det er i førearbeida til mfl. § 39 som omhandlar Forbrukarombodet og Marknadsrådets kompetanse til å fatte vedtak, utdjupa nærare kva som ligg i omsynet til forbrukarane. Det går fram på s. 211 at kriteriet først og fremst er tatt med for å avgrense mot andre omsyn, som til dømes omsynet til næringsdrivande.

Det vert presisert i førearbeida at vilkåret ikkje i seg sjølv er meint å stille kvalifiserande krav til terskelen for inngrep. Det er difor ikkje grunnlag for eit meir generelt prinsipp om at det ikkje kan gripast inn før det føreligg eit større tal klager og meir systematiske lovbrot.

Nuform marknadsførte i 2009 produktet Nushape med påstandar om produktets slankande verknad, utan at dette kunne dokumenterast. Marknadsrådet presiserte òg i si avgjerd av 5. januar at sidan eit stort tal forbrukarar var eksponert for marknadsføringa var omsynet til forbrukarane i stor grad til stades. Forbrukarombodet antar dette vil gjere seg gjeldande på same måte i Danmark, der marknadsføringa på tilsvarande måte har skjedd via nett på store og populære danske nettstader.

For øvrig blir det presisert i Påstandsforordninga artikkel 1 om formål og virkeområde at lova tar “henblik på at sikre (…) et højt forbrugerbeskyttelsesniveau”. Noko som etter Forbrukarombodets vurdering talar i retning av at lova er sett til å beskytte forbrukarane mot villeiande og udokumenterte påstandar om kosttilskott i strid med denne forordninga.

Forbrukarombodet finn på denne bakgrunn at omsynet til forbrukarane tilseier at det blir gripe inn mot den lovstridige marknadsføringa av Reduxin i Danmark.

3.3.4 Påløpt mulkt kan reduserast eller fråfallast – mfl. § 42

Det går fram av mfl. § 42 fjerde ledd at ” i særlige tilfeller kan påløpt mulkt reduseres eller frafalles”.  I Ot.prp. nr. 55 (2007 – 2008) s. 213 er det presisert at regelen er ein lempingsregel som er meint å vere ein tryggleiksventil for særskilte tilfelle.

Med tanke på at det er knytt tvangsmulkt til Forbrukarombodet og Marknadsrådets sine vedtak nettopp fordi at det ikkje skal løne seg å bryte vedtaka, kan ikkje Forbrukarombodet sjå at det har komme fram opplysningar som tilseier at det ligg føre særlege grunnar til at påløpt mulkt skal reduserast eller fråfallast i saka, jf. mfl. § 42 fjerde ledd.

3.3.5 Konklusjon

Etter dette er det Forbrukarombodets vurdering at vilkåra for å fatte vedtak om betaling av tvangsmulkt for marknadsføring utført av Nuform i Danmark er oppfylt.

4. Vedtak

På denne bakgrunn og med heimel i mfl. § 42, jf. § 4 fattar Forbrukarombodet følgjande vedtak:

For brot på Marknadsrådets vedtak av 5. januar 2010 pliktar Nuform AS å betale tvangsmulkt på kr. 400.000 – firehundretusen.

* * *

Tvangsmulkta skal betalast inn på kontonummer: 6345.05.07328 innan 30 dagar frå vedtakets dato.

Vedtaket kan påklagast til Marknadsrådet, jf. mfl. § 37 tredje ledd. Forvaltningslova kapittel VI gir nærare reglar for ei eventuell klage. Klagefristen er tre veker rekna frå den dag parten har fått melding om vedtaket. Klage skal sendast til Forbrukarombodet.

Ved klage forfell tvangsmulkt til betaling 30 dagar etter at endeleg vedtak er rettskraftig. Beløpet innbetalast då til ovanfor nemnde kontonummer. Endeleg vedtak om betaling av tvangsmulkt er tvangsgrunnlag for utlegg, jf. mfl. § 42 tredje ledd.

Vedtaket kan ikkje takast inn for dei allminnelege domstolane utan at saka først er lagt fram for Marknadsrådet, jf. forvaltningslova § 27 b.
Marknadsrådet er orientert om vedtak, jf. mfl. § 37 tredje ledd.

Oslo, 28. juni 2010

Bjørn Erik Thon
Forbrukarombod

Tilbake til toppen