Krev endringar i urimelege meklarkontraktar

19.10.2012 — Fleire meklarkontraktar for utbygging av nye leilegheiter har uklare fristar for overtaking, noko som gjer det vanskeleg for forbrukaren å vita når bustaden skal stå ferdig. Forbrukarombodet bad i fjor om at fleire store utbyggarar endra kontraktane sine for kjøp av prosjektert bustad, då desse etter ombodet sine vurderingar var urimelege. No er det eigedomsmeklarane som står for tur.

Alle utbyggarane som Forbrukarombodet var i dialog med i fjor har stadfesta at dei har endra kontraktane sine i samsvar med ombodet sine vurderingar. Forbrukarar som vel å kjøpa prosjektert bustad av ein av desse utbyggarane kan no i dei aller fleste tilfelle vera trygg på at kontrakten er god og balansert, og at den sikrar dei gode rettar.

Mange utbyggarar brukar prosjektmeklarar til å gjennomføra salet av prosjekterte bustadar til forbrukarar. I dei fleste tilfella er det då prosjektmeklarane sine eigne standardkontraktar som blir brukt. Forbrukarombodet har den siste tida gjennomgått kontraktane til dei største prosjektmeklarane, og mange av desse har vilkår som gjer kontrakten både ubalansert og uklar.  Forbrukarombodet har sendt ut brev til 11 prosjektmeklarar og bedt om at dei gjer endringar i kontraktane sine.

– Det er viktig at kontraktar som vert brukt overfor forbrukarar er rimelege, balanserte og klare, seier forbrukarombod Gry Nergård.

Uklar overtakingsfrist

Fleire av prosjektmeklarkontraktane har ein uklar overtakingsfrist. Dersom overtakingsfristen er uklar er det vanskeleg å vita når ein kan forventa at bustaden skal vera ferdig. Dette medfører også at ein får vanskar med å krevja dagsmulkt dersom ein meiner at bustaden ikkje blir ferdig i tide.

– Forbrukaren er avhengig av ein klar frist for å kunna krevja dagsmulkt ved forseinking. Ein klar frist er også avgjerande for å kunna planlegga alle praktiske og økonomiske forhold ved flyttinga, seier Nergård.

Bør bruka standardblankettar

Standard Norge har i samarbeid med Forbrukarombodet, Forbrukarrådet og bransjeorganisasjonane i byggebransjen utarbeidd standardkontraktar for kjøp av prosjektert bustad. Desse kontraktane vil i dei fleste tilfelle vera rimelege og balanserte, og ombodet oppmodar alle prosjektmeklarane om å ta desse i bruk.

Forbrukarombodet ventar svar frå prosjektmeklarane mot slutten av oktober, og forventar ein positiv dialog.

–  Vi har hatt ein god dialog med alle utbyggarane, og har ikkje grunn til å tru noko anna når det no er prosjektmeklarane me skal forhandla med, seier Nergård.

07.12.2018

Forbrukartilsynet vil ha betre kredittvurderingar

Grundige kredittvurderingar er etter vårt syn eitt av dei viktigaste tiltaka for å førebyggje gjeldsproblem og den voksande andelen kredittkortgjeld i norske heim. Det er eitt av innspela Forbrukartilsynet har gitt i vårt høyringssvar til den nye forskrifta om forsvarleg utlånspraksis for forbrukslån.